annonse

Vaksdalsjente i Toppserien

TOPPSERIESPELAR
TOPPSERIESPELAR: Sandra Stavenes er keeper for Arna-Bjørnar, som ligg midt på tabellen i Toppserien. (Foto: Støtt Norsk Kvinnefotball / Vegeir Kjærstad)

FOTBALL: Sandra Stavenes frå Vaksdal har den siste tida spelt fire kampar og gjort ein fin keeperdebut i Toppserien for klubben sin Arna-Bjørnar.

Magne Solhaug

Både i cupkampen mot Kolbotn og seriekampen mot Medkila nyleg heldt vaksdalsjenta buret reint.

Laget hennar vann begge kampane, og Sandra fekk gode kritikkar, spesielt etter 1-0-sigeren i cupkampen mot Kolbotn i Oslo. Arna-Bjørnar er med det klare for kvartfinalen i NM.

Sjette sesong i A-B

– Det har vore veldig kjekt å fått sjansen, og ikkje minst å ha lukkast. Mot Kolbotn skåra me tidleg, og dei pressa på for utlikning. Eg kom godt inn i kampen, og hadde ein del redningar, seier vaksdalsjenta til VP.

21-åringen, som bur på Vaksdal, er inne i sin sjette sesong for Arna-Bjørnar. I klubben har ho vore heile tida sidan ho spelte jentefotball heime på Vaksdal. Unntaket er ein utlånsperiode frå Arna-Bjørnar til FBK Voss.

Jobb og fotball

Sandra jobbar i full stilling hjå BKK, i tillegg til fotballsatsinga. For ho er dette framleis berre ein hobby, som tek svært mykje tid. Fem treningar i veka, pluss kamp, i tillegg til 7–15 jobb på kvardagane, seier sitt.

– Men no er det berre moro, eg svevar nok litt, ja, smiler Sandra, som er glad ho har fått sjansen. Ho veit så inderleg godt at den bør ho ta skikkeleg vare på.

– Keeperplassen har eg fått no fordi førstekeeperen vår er skada. Ho vert truleg ute til haustsesongen, så då er det eg og Benedicte (Iversen Håland) som kjempar om å få stå i mål. Me er tre keeperar på laget, fortel Sandra.

Når ho ikkje spelar for førstelaget, har Sandra stått i mål for klubben sitt 2. lag, som spelar i 2. divisjon.

Heimedebut

Onsdag sist veke spelte Sandra og lagvenninnene mot Klepp, og då vann laget 3–1 heime i Arna. I går, søndag, kom eit nytt Rogalandslag på besøk til Arna, nemleg Avaldsnes, som ligg på 2.-plass i Toppserien.

Der vart det tap 0-3, men igjen fekk den unge vaksdalskeeperen ros for spelet sitt.

– Sandra Stavenes kunne ikkje lastast for nokon av måla, og hadde fleire gode involveringar, står det på Arna Bjørnar si heimeside.

Trenarskryt

Håvard Smedsgård er keepertrenar for fjerde året i Arna-Bjørnar, og har sett Sandra hatt ei fin utvikling.

– For eitt år sidan var ho ein klar tredjekeeper på laget, men Sandra har tatt fine steg denne sesongen og er pr. i dag omtrent likestilt med andrekeeperen vår. Det at ho går i full jobb i tillegg til fotballsatsinga er også imponerande, og ho er nok mellom dei i stallen vår som har den travlaste kvardagen, seier Smedsgård om keepertalentet frå Vaksdal.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.