annonse

Valet er i gang

TIL URNA
TIL URNA: – Det er viktig å bruka stemmeretten sin, seier Odd Grenasberg. Til høgre sitt valmedarbeidar Per Småbrekke. (Foto: Stine Strand Carlsen)
HEMMELEG VAL
HEMMELEG VAL: Mange fann vegen i gymsalen rett etter opninga. Inne i avlukka fann folk listene til dei ulike partia. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Klokka 11 i dag opna vallokala. Odd Grenasberg var mellom dei første i køen til å stemma.

Stine Strand Carlsen

– Ja, no skal eg inn å gjera mi plikt, seier Odd Grenasberg, som stod klar med valkortet i gymsalen på Dale rett etter at dørene opna.

Kva han stemmer vil han halda for seg sjølv.

– Eg stemte lenge på KrF, men det har eg slutta med for mange år sidan. No har eg eit parti eg held med, så valet var enkelt i dag, seier Grenasberg.

Godt oppmøte

Bak valurnene på Dale sitt mellom andre Per Småbrekke og passar på at alt går riktig føre seg.

– Eg har pleidd å hjelpa til i Bergsdalen på valdagen, men no er det jo ikkje lenger røystestad der. Det har vore mange og stemt no rett etter opninga. Det pleier å dabba litt av fram til ettermiddagen når folk er ferdige på jobb, seier Småbrekke.

Færre røystestader

I år er det færre røystestader i Vaksdal kommune. Tidlegare har ein kunna røysta på Stanghelle, Stamnes, i Bergsdalen og Eksingedalen på valdagen. I år er Stanghelle og Bergsdalen lagt inn under røystestaden Dale, medan Stamnes og Eksingedalen er samla på Eidsland. Men det er viktig å understreka at uansett kvar ein bur, så kan ein stemma ved ein av dei tre røystestadene på valdagen i dag. Vallokala er opne fram til klokka 20 på Vaksdal (samfunnssalen) og Dale (gymsalen på ungdomsskulen), medan ein må røysta før klokka 18 om ein skal gjera borgarplikta i grendahuset på Eidsland.

Det har vore eigne dagar med førehandsstemming ved Stanghelle skule, Stamnes skule, Eksingedalen skule, Daletunet, Vaksdal sjukeheim, Sveabrekko i Stamnes og ambulerande røysting for sjuke som bur heime. I tillegg har det vore førehandsrøysting ved Innbyggjarservice i Heradshuset på Dale.

Rekordhøg førehandsrøysting

Talet på førehandsrøystinga er historisk høgt i Vaksdal denne gongen, ifølgje politisk sekretær Sølvi Legård.

– Så langt har det komme inn 950 førehandsrøyster, og det kan framleis komma fleire. Så høgt har aldri talet vore i Vaksdal. På det meste har me lagt på 570 stemmer tidlegare, seier Legård.

– Kva trur du er grunnen til dette?

– Det er vanskeleg å seia, men det kan ha ein samanheng med at det er lagt ned fleire røystestader. Samstundes høyrer ein at førehandsrøystinga aukar over heile landet, så det kan jo kallast ein trend, seier Legård.

Det er 3.002 personar som har stemmerett i Vaksdal kommune. Det betyr at nær 31,7 % har førehandsrøysta.

Valet følgjer du på VP.no

På VP si nettside får ein i kveld valresultata etter kvart som dei vert klare. Her vert det fortløpande oppdatering av resultata i Vaksdal og Modalen, Hordaland fylke og sjølvsagt samla for heile landet.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.