annonse

Valkommentarar frå listetoppane

MEST FRAM
MEST FRAM: Høgre var partiet som gjekk mest fram i Vaksdal. Her frå valvaken i Smia Pub måndag kveld. Frå venstre Marius Kvamme Tollefsen, Amalie Johnsen Lunde, Erledn Hesjedal-Johannessen, Kim Gregersen og Trond Olav Magnussen. (Foto: Esben Hesjedal)

Høgre og SV er naturleg nok mest fornøgde med kommunevalet i Vaksdal, medan Ap og KrF var skuffa valkvelden.

  • Esben Hesjedal Magne Solhaug

Kjartan Haugsnes i SV seier han er kjempefornøgd med valresultatet som gav partiet 18,3 % av røystene. Dette er 4,3 prosentpoeng fram samanlikna med valet for fire år sidan.

– Det er god stemning i SV i kveld, for me har gjort eit kjempeval. Truleg vert me ein av dei beste SV-kommunane i landet, og det er strålande. Når det er sagt så hadde det vore veldig bra om hadde krøpet forbi Sp slik at me hadde vore nest største parti. Men det er verd å merka seg at valresultatet i Vaksdalsbygda er fantastisk, der me er klart største partiet, smiler Haugsnes.

Litt av årsaka til at eit godt valresultat og framgang sidan sist har ein ørliten bismak, er at valmålinga som Norfakta gjorde for VP tre veker før valet, gav SV heile 23,7 % av stemmene.

– Ja, men me visste at den målinga var ei sånn «best case». Hadde me fått det i valet også, så ville det vore heilt vilt. 18 % som me no enda på, er jo eigentleg eit fantasital for SV normalt sett, seier Haugsnes.

Når det gjeld samarbeid og moglegheiter for å få ei hand på rattet i Vaksdalpolitikken, håpar Haugsnes på å bli ein del av eit fleirtal.

– Blir valresultatet slik det ser ut måndag kveld, så vil Ap, Sp og KrF har eit skjørt 11–10 fleirtal. Både Ap og KrF har fått ein smekk av veljarane. SV kan samarbeida med alle partia i kommunestyret, noko samarbeidet mellom oss som har sete i opposisjonen denne perioden har vist. SV er opne for det meste, og lukkar ingen dører, seier Haugsnes.

Aukar mest

Erlend Hesjedal-Johannessen i Vaksdal Høgre er svært godt fornøgd med valresultat. Med ei oppslutning på 16,2 %, som er ein framgang på nær 5 prosentpoeng, ligg partiet hans an til å auka frå to til fire representantar i kommunestyret.

– Dobbelt opp altså, og når me i tillegg er det partiet som har auka oppslutninga mest, så det er klart me er fornøgde, seier Hesjedal-Johannessen.

Han registrerer at dagens fleirtalskoalisjon med Ap, Sp og KrF også ser ut til å få fleirtalet i dei neste fire åra, trass i at både Arbeidarparti og KrF er svekkja.

– Så får tida visa om her vert endringar i maktbalansen, det blir spennande når det skal forhandlast om posisjonar, seier den lokale Høgre-toppen

Sp held stand

Hege Eide Vik i Sp er fornøgd med valresultatet, slik det såg ut seint måndag kveld med 18,7 %. Det er ein framgang på 2, 6 prosentpoeng..

– Eg er veldig fornøgd med at me heldt stand med fire representantar i kommunestyret. Sjølvsagt hadde me eit håp om å auka med ein, men me visste at det skulle godt gjerast. Slik det ser ut no i kveld, så er me godt fornøgde, så avventar me den siste finteljinga som skal gjerast onsdag, seier Eide Vik.

Når det gjeld forhandlingar rundt samarbeid og posisjonar, ønskjer Eide Vik å venta med å seia for mykje.

– Me skal forhandla godt på vegner av våre veljarar, så får me sjå korleis det endar.

– Er det naturleg å halda fram samarbeidet med Ap og KrF, som vil gje dykk fleirtal med 11 av 21 representantar slik det no ser ut?

– Eg vil ikkje sei for mykje no, me får sjå kva som skjer når me set oss ned og drøftar desse tinga.

– Kva tenkjer du om sjansen for å verta Vaksdal kommune sin første kvinnelege ordførar?

– Det skal vel kanskje godt gjerast med dette resultatet, men eg har som tidlegare sagt framleis lyst. Me får sjå kor sterkt me stiller i forhandlingar, avsluttar Hege Eide Vik.

– Ikkje fornøgde

Listetopp hjå Arbeidarpartiet, Thor Andersen, seier at han ikkje er fornøgd med valresultatet som ser ut til å gje Ap 28,1 % av stemmene, noko som er 10,4 prosentpoeng mindre enn ved valet for fire år sidan.

– Nei, med seks representantar slik det no ligg an til, er det minst ein representant mindre enn me hadde håpa på. Me følgjer truleg litt Ap si trend på landsbasis, og i tillegg så har 12 år i posisjon nok ført til ei viss styringsslitasje. Dessutan har vel Ap, som har hatt ordføraren, på eit vis fått skulda for mykje som folk ikkje har vore fornøgde med, seier Andersen.

Han opplyser måndag kveld at han ønskjer forhandlingar med Sp og KrF, som har samarbeid dei siste åra.

– Ja, i kveld har eg invitert Sp og KrF til samtalar på onsdag. Då er resultatet endeleg klart, og ein veit også kven som kjem inn i kommunestyret.

– Er det naturleg at det største partiet framleis har ordførarvervet?

– Ja, det er utgangspunktet vårt, seier Andersen.

Skuffa i KrF

For KrF i Vaksdal vart årets kommuneval ein stor nedtur. Tilbakegangen var på over 5 prosentpoeng, og med 6 % oppslutning, er det klart at partiet mistar halve kommunestyregruppa si, og sit tilbake med ein representant.

– Dette var trist, ein skikkeleg nedtur, seier listetopp Bjart-Magnus Rosvold.

Kva grunnen er til den store nedgangen er, er det vanskeleg for han å seia noko om no like etter valet.

– Men kanskje blir me straffa for ikkje å ha fått til nok i den tida me har vore ein del av det politiske fleirtalet i Vaksdal, seier Rosvold.

Opptur for FrP

For Framstegspartiet i Vaksdal er årets kommuneval ein fin opptur. Partiet aukar oppslutninga frå 5,9 % til 8,4 %, og doblar med det talet på representantar i kommunestyret – frå ein til to.

– Så takk til veljarane, eg og partiet er godt fornøgd med dette, seier Groth, som også ser mogelegheiter når det gjeld nye samarbeidskonstellasjonar dei neste fire åra.

– Absolutt. Mogelegheitene er der, eg trur ikkje eg skal seia meir enn det, smiler listetopp Groth.

eh@vp.no

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.