annonse

Valvake på Vaksdal

: Valvake i Synken på Vaksdal. (Foto: )
: Valvake i Synken på Vaksdal. (Foto: )
: Valvake i Synken på Vaksdal. (Foto: )

Utover valkvelden samla folk som er opptekne av valet seg på valvake i Synken på Vaksdal.

Esben Hesjedal

Det er SV som står bak arrangementet, men det er ein valvake som er open for folk med ulike partisympatiar.

– Kjekt

Det gjorde at Linda Lien tok turen til den gamle arbeidarbustaden, saman med sønene Viljar og Håvar.

– Eg synest det er flott med eit slikt arrangement som er ope for alle. Og kjekt at også ungane kan vera med. Dei er faktisk opptekne og interesserte i valet, fortel Lien.

– Ja, eit slikt arrangement må vera ope for alle. Me kan ikkje sitja på kvar vår tue, samstemmer Odd Jøran Oldervik i SV, som syter for at valsendinga blir vist på eit stort lerret.

Diskusjonar

Då VP var innom like før dei første prognosane kom klokka 21, var stemninga spent.

– Dette blir veldig spennande. Rundt 10 %, altså 300.000 veljarar, bestemmer seg for parti på sjølve valdagen. Denne gongen trur eg ikkje valet treng vera avgjort før langt utpå natta, eller i morgon, seier Kjartan Haugsnes.

Alt frå at Vaksdal er ein av få kommunar som har sagt nei til ølsal på valdagen, til debattkulturen i valkampen, er tema i den intime stova i Synken.

Leksefri

Og mellom dei yngste, er det ei sak som har peika seg ut, nemleg leksefri.

– Eg har sett på Supernytt at partiet Raudt vil at me skal få leksefri, så eg heldt litt med dei, smiler unge Håvar Herfindal.

Skulle han velja mellom Erna og Jonas som statsminister, så ville han gått for sistnemnde.

– Ja, Jonas er kulast, slår Håvar fast.

Mat og drikke

I Synken vil valvaken vara utover kvelden, og kanskje natta. På kjøkkenet er driftige SV-arar i full sving med å laga til mat og drikke, det luktar godt av vårrullar og ulike bakverk, så dei politisk interesserte på Vaksdal kan om ikkje anna trøystespisa om ikkje valresultatet vert som ein ønskjer.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.