annonse

Vann 100.000 i returkartong-lotteriet

GRATULERA
GRATULERA: BIR sin kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal møtte opp med diplom og blom til vinnaren på Gullbrå. Og pengane, dei var alt komne inn på kontoen.
VANN 100.000 KRONER
VANN 100.000 KRONER: Ingunn Marie Gullbrå vann, etter å ha skrive namn og telefonnummer på brukte kartongar, årets første førstepremie i returkartonglotteriet.

Det kan løna seg å vera miljøvenleg. Det gjorde det i alle fall for Ingunn Marie Gullbrå, som nyleg vann 100.000 kroner i returkartonglotteriet.

Magne Solhaug

- Ikkje til å tru. Eg trudde då også først at her var det nokon som dreiv ap med meg, seier ein fornøgd vinnar heime på Gullbrå.

Ingen draum

Ho siktar her til då renovasjonsselskapet BIR sin kommunikasjonsrådgjevar, Tina Skudal, ringde medan Gullbrå var på opptrening etter ein hofteoperasjon på Ravnebærhaugen i Os.

- Eg var nok litt susete i hovudet, eg hugsar at då eg vakna om morgonen etter så lurte eg på om eg hadde drøymt, smiler Ingunn.

- Nei, det hadde du ikkje, smiler Skudal, som møtte opp med blom, diplom og kake til den heldige vinnaren. Kaka kunne ho forresten spart seg, bevertninga med påsmurt heimebakst hadde 80-åringen øvst i Eksingedalen på framifrå vis sytt for sjølv.

Før i tida

Ingunn Marie har kjeldesortert avfallet i alle år BIR har henta slikt i Eksingedalen.

- Eg minnest godt då me fekk boshentinga her. Det var ei lette, då slapp me å grava ned restavfallet og brenna papiret. Mykje meir sutalaust, smiler ho.

Og då papirinnsamlinga seinare kom, så har ho vore med frå dag ein i returkartonglotteriet. Papiremballasjen frå mjølk, jus og andre kartongar har i alle år vorte møysommeleg pressa saman til ein kube - eller eit gratislodd - som Skudal kallar det. Så vart namn og telefonnummer skrive på, før kuben vart kasta i papirbosset.

Gammal god vane

- Eg trudde aldri eg skulle vinna, eg var langt frå sikker på om ein framleis held på med dette lotteriet. Kartongane med namn på vert levert av gammal vane, seier Ingunn Marie, som garanterer at ho vil halda fram på same vis, sjølv om ho ikkje reknar med å vinna fleire gonger.

- Det er bra, seier Skudal, og fortel at dette er andre gongen nokon i BIR-området vinn hovudgevinsten i lotteriet.

Heile landet

Fire gongar årleg vert det trekt ut vinnarar i denne landsomfattande konkurransen. Kvar gong er hovudgevinsten på 100.000 kroner, og kvar gong vert det også trekt ut 30 «trøystegevinstar» på 10.000 kroner. Samla pr. år er det snakk om 1,6 millionar kroner i premiepengar.

Gjev vekk halvparten

Den heldige vinnaren på Gullbrå har elles bestemt seg for å gje vekk halvparten av gevinsten til HimalPartner, ein organisasjon som arbeider for å betra tilhøva for folk i Himalaya, der dei fleste lever under ringe kår. Ingunn Marie har sjølv vore i området, og sett jobben som vert gjort.

- HimalPartner gjer ein god jobb der, så dei skal få 50.000 kroner. Resten skal eg bruka på meg sjølv, seier Ingunn Marie Gullbrå, som tenkjar på å spandera på seg eit helseopphald på Solgården i Spania til hausten.

- Det trur eg både eg og hofta mi vil ha godt av, seier den glade og gåvmilde 80-åringen på Gullbrå.

Klikk for å se kommentarer ()