annonse

Vann barnebøker i bokkonkurranse

VANN
VANN: Mathias Aleksander Steinsland Sætre (f.v.), Tuva Soltvedt, Vilde Birkeland Olsen og Lilianna Staziuk går alle i 2. klasse, som var med å vinna bøker i lesekampanjen til Foreningen !les. (Foto: )
LIKAR Å LESA
LIKAR Å LESA: Amanda Hesjedal Hope (f.v.) og Linnea Emilie Olsen Tveit er nøgde med bokpremien. (Foto: )

– Det var veldig kjekt å vinna, smiler 2.-klassing Vilde Birkeland Olsen ved Dale barne- og ungdomsskule.

  • B Kristine Næss Thorsen

– Det kjekkaste med lesekampanjen er at me har vunne bøker. Då slepp me å låna dei på biblioteket.

På pulten framføra ho ligg fleire barnebøker, som ho og resten av 2.-klassingane kan lesa så mykje dei orkar.

Bakgrunnen for premien er at dei er ein av vinnarane av lesekampanjen, dei var med på frå byrjinga av januar til midten av sist månad.

– Eg las høgt historier skrive av forfattarstudentar ved Norsk barnebokinstitutt, fortel kontaktlærar Preben Sandvik.

– Medan eg las, teikna elevane teikningar, som dei sende inn til instituttet. For kvart kapittel vart ein klasse plukka ut som vinnarar ut i frå dei innsende teikningane. Me vann etter første kapittel.

Elevane sende også inn forslag til korleis historia skulle utvikla seg.

Likar lesing

Benjamin Holme, som sit på same pult som Vilde, fortel at han likar å sjå i bøkene.

Tuva Soltvedt, som har plass på eit bord bakarst i klasserommet, synest det er spanande lesa.

– Eg synest det er kjekt å lesa historier om andre, og korleis dei har det.

Johanna Bjørkheim Haugsvær likar godt å teikna til høgtlesinga.

– Eg er veldig glad i å teikna, spesielt prinsesser, seier ho.

Skapar leselyst

Lærar Preben fortel at elevane var i ekstase då dei fekk veta at dei vann.

– Lesekampanjen er viktig for å skapa leselyst blant elevane. Me er opptekne av at dei minste får mest mogeleg lese- og skrivetrening. Mange av dei har nett knekt lesekoden,

Har du lyst å sjå teikningane til elevane, ligg dei på leseskogen.no.

knt@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.