annonse

Våt lystenning på Vaksdal

VÅTT
VÅTT: Trass regnet var det god førjulsstemning i Senterparken på Vaksdal søndag. (Foto: Sveinung Sigbjørnsen)
LYS i MØRKET
LYS i MØRKET: Det var bra med folk då lysa i julegrana på vaksdal vart tende. (Foto: Sveinung Sigbjørnsen)

Lysa i julegrana i Senterparken på Vaksdal vart tente søndag.

Tradisjonen tru var det lystenning i regi av Vaksdal Vel i Senterparken på Vaksdal første søndag i advent.

– Vêret var ikkje akkurat det beste, men musikken som Vaksdal Musikklag stod for var som vanleg vakker. Det vart lys i treet, dei frammøtte fekk servert gløgg, saft og kakemenn og nissen hadde tatt turen helt frå Nordpolen til stor glede for dei små. Vaksdal Vel ønskjer alle ei fin adventstid, seier Sveinung Sigbjørnsen i vellaget.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.