annonse

– Vatnet kan drikkast igjen

FRISKMELDT
FRISKMELDT: Vaksdal kommune opplyser fredag føremiddag at vatnet på Stamnes og Dale kan drikkast som vanleg. (Foto: )

Tilrådinga om å koka drikkevatnet på Dale og Stamnes torsdag gjeld ikkje lenger, og ein kan drikka vatn som før.

Kristine Næss Thorsen

– Nye prøvar at vatnet viser at det er OK, seier Torstein Mehus, avdelingsleiar kommunalteknisk drift i Vaksdal kommunen.

I går fekk bebuarar på Dale og Stamnes melding om at drikkevatnet kunne vera forureina. Mehus trur prøvene frå i går var feil.

– Grunnvatn skal sjeldan innehalda avvik. Det er difor me køyrer nye prøver med ein gang me får det. Denne gangen er det nok gjort feil av anten prøvetakar eller laboratoriet. Det har truleg med handtering av vassprøvene å gjera, men akkurat kva som har skjedd får me nok ikkje veta.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.