annonse

Vel 200 til start på Bergsdalen Opp

STARTEN
STARTEN: Løparane på veg ut frå start på Dale i retning Storefossen. (Foto: Esben Hesjedal)

Flott løpsvêr og yrande gateliv med marknad møtte årets deltakarar på Bergsdalen Opp. Sondre Øvre-Helland var raskaste løpar opp til Storefossen.

Øvre-Helland, som representerer Viking, kom opp på tida 17,42, og var 51 sekund framfor Johan Løve Gjersvik, BFG Bergen Løpeklubb, på 18,33. Tore Akerlie, Voss IL, kom inn på tredjeplass med tida 18,40.

I dameklassen vann unge Adele Henriksen på 20,35, før tvillingane Emma og Anna Hanstveit på 21,14 og 21,15.

Syklistane

Mellom syklistane var Andreas Hosøy, Framo Bil, raskast med tida 13,48. Deretter kom Sander Dybvikstrand på 14,08 og Geir Ove Byrkje på 16,43. I kvinneklassen var Anne Karin Berge frå Arna Sykleklubb best med 23,13, med Åse Laastad på andreplass på tida 26,53.

Rulleski

I rulleskiklassen, som gjekk sist, var Hans Inge Klette, Viljar, raskast med 17,30. Beste lokale løpar, Erling Fagerbakke Fosse, kom 15 sekund bak. Tredjeplassen gjekk til Daniel May Instanes sju sekundar bak bergsdølen Erling. Desse gjekk i klassisk stil. Mellom dei som gjekk fristil, var Arild Fosse frå Voss best med tida 19,10, framfor Torjus KLette 21,08 og Jonas Lefdal 21,26.

I dameklassen var Karoline Simpson-Larsen best med 19,53 i klassisk, og Silje Fosse best i fristil med tida 25,19. Begge desse kjem frå Voss.

Nedgang

Vel 200 stilte til start, noko som er færre enn dei siste åra.

– Det kan sjå ut som at det er færre i trimklassen enn tidlegare. Men det er for tidleg å seia så mykje kring deltakinga, sa Arnt Olav Sellevold hjå arrangøren like etter at dei siste løparane hadde sett kursen mot Storefossen.

Yrande liv

Før start yra det av løparar, syklistar og rulleskigåarar i Dale sentrum. Utanfor ungdomsskulen hadde trønderen Pål Venås og Trond Furnes frå Bergen sett seg på sykkelen oppå kvar si sykkelrulle. Oppvarming er viktig.

– Dette løpet er så kort og bratt, at dersom ein ikkje er skikkeleg varm før start, så vert det ekstra brutalt. Då er det berre plass til syre i beina, smilte Venås, som skulle vera med for første gong.

For femte gong

For Trond Furnes frå Bergen Cykkelklubb derimot var det femte gongen.

– Det var Inge Hjertaas, som er her frå Dale, som lokka meg med første gongen. Sidan har eg vore med, og det er eit herleg arrangement med liv og røre i sentrum og ei spektakulær løype. Eg har pers på 20,03, og håpar å komma under 20 minutt i dag, men veit ikkje om eg klarar det, sa Furnes før start.

Stipend

I Gatå på Dale var det i tillegg bruktmarknad, der folk kunne handla mykje ulikt. Elles var det hesteriding, barneløp og andre aktivitetar.

Stian Jordalen delte elles ut idrettsstipend til symjaren Erling Flåm Krogsrud frå Vaksdal.

eh@vp.no








Klikk for å se kommentarer ()