annonse

Vertshuscup med 23 lag

GAMLE HELTAR
GAMLE HELTAR: Verthuscupen er staden der gamle fotballheltar hentar fotballskoa ned frå hylla og boltrar seg på Geitabakken. Her frå ein kamp i fjor. (Foto: Arkiv)

FOTBALL: Fredag og laurdag skal både aktive og hobbyspelarar i aksjon i den tradisjonsrike Vertshuscupen på Geitabakken.

Det er som vanleg Dale IL som står som arrangør for cupen, og Sondre Bjordal fortel om bra påmelding.

– 23 lag er me fornøgde med. Dei siste åra har det vore færre lag, eg trur at me vert seks lag meir enn i fjor. Det er veldig kjekt at Vertshuscupen no ser til å få eit oppsving igjen, smiler Bjordal.

Av dei 23 laga er det 17 herrelag og 6 damelag.

– I år har me berre ein klasse for menn, slik det var for ein god del år sidan. Etter innleiande rundar så vert det eit a-sluttspel og eit b-sluttspel. Me håpar på fint vêr og mykje folk på Geitabakken, seier Sondre Bjordal.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.