annonse

Vertshuscupen er i gang

OPNINGSKAMP
OPNINGSKAMP: Frå kampen mellom True Believers of Heavy Metal (svarte drakter) og Sæterdal United. Frå venstre Emil Berge, Arild Soltvedt og Trygve Wangen Røst Tøsse. (Foto: Magne Solhaug)

Årets høgdepunkt for lokale fotballmosjonistar, Vertshuscupen, er i gang på Geitabakken på Dale.

Magne Solhaug

Fredag ettermiddag gjekk dei første av dei i alt 37 kampane som skal spelast på kunstgrasbana i løpet av fredag og laurdag.

17 lag

13 herrelag og fire damelag kjempar om heider og ære, og det skal kårast vinnarar i tre klassar.

Ambisjonane er naturleg nok ulike i denne tradisjonsrike turneringa til Dale IL, der visstnok det viktigaste ikkje er å vinna, men å ha det moro.

Veteranar i 30-åra

-Før var det å vinna viktig, no er det nok mest for å ha det sosialt og treffa kompisane frå skuletida på Stanghelle att, seier Ørjan Furubotn og Trygve Wangen Røst Tøsse.

Dei to muntre barndomskompisane, som no er komen midt i 30-åra, har nett gjort unna første kampen for laget True Believers of Heavy Metal, eit av laga med lengst fartstid i Vertshuscupen.

Finaledag i morgon

I dag og i morgon føremiddag er det innleiande kampar. Den første finalen, som er i dameklassen, går laurdag klokka 13.30.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.