annonse

Vil ha ny E16 i Tolåsen

– IKKJE HER
– IKKJE HER: Fungerande ordførar Sigmund Simmenes (t.v.) og einingsleiar Willy-André Gjesdal fortalde stortingsrepresentant Ivar Odnes (i midten) kvifor ein ønskjer nye E16 vekk frå Vaksdal sentrum. (Foto: Magne Solhaug)
DETTE VIL VAKSDAL
DETTE VIL VAKSDAL: Ny veg i Tolåsen (til høgre) og jernbane gjennom sentrum er Vaksdal kommune sitt ønskje for K5 forbi Vaksdal. (Foto: Statens vegvesen)

Vaksdal kommune ønskjer å leggja ny E16 gjennom Vaksdal opp i Tolåsen, noko planleggjararne frårår. Dei ønskjer vegen gjennom sentrum.

Magne Solhaug

– Det er fint å bli orientert, og med eigne auge sjå kva konsekvesane kan bli, sa stortingsrepresentant Ivar Odnes frå Senterpartiet, under eit kjapt besøk ved Vaksdal Senter sist veke.

– Har forståing for ønsket

Odnes, som er medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen, var i området med komiteen då partikollega og fungerande ordførar Sigmund Simmenes, fekk ordna med ei kjapp orientering om den tenkte K5-løysinga på Vaksdal.

– Det er forståeleg at ein ønskjer vegen vekk frå sentrum. Om dette let seg gjera her, er eg ikkje sikker på i dag. Men den nye vegen blir nok ofte tema hjå oss stortingspolitikarar framover, så eg skal nok få satt meg inn i saka, sa Odnes.

På Vaksdal vart han orientert både av Simmenes og einingsleiar for Samfunnsutvikling i Vaksdal, Willy André-Gjesdal, om kvifor Vaksdal ønskjer vegen lagt gjennom Tolåsen.

Fryktar at Tolåsen «forsvinn»

Dei to fryktar også at departementet no når dei sit med silingsrapporten, fort kan leggja vekk Tolås-alternativet. Skjer det, kjem dette ikkje ut på høyring ein gong.

– Difor er det viktig å få signalisert våre sterke ønskje om Tolåsen inn til stortingspolitikarane no, før departementet bestemmer seg, sa Simmenes.

– Me har ein god dialog med vegvesenet og planleggjarane der. Dei veit endeleg kor viktig Tolås-alternativet er for oss, sa Gjesdal.

Tilrår veg i sentrum

Statens vegvesen sin prosjektleiar for K5, Gunnar Søderholm, er godt kjent med Vaksdal kommune sitt ønskje om at den nye vegen må komma i Tolåsen.

– Etter ei samla vurdering har me likevel funne å frarå det, og tilrå alternativet med både veg og bane i dagløysing gjennom Vaksdal sentrum, seier Søderholm.

250 millionar kroner i skilnad

Hovudgrunnen er økonomi. Tolås-alternativet vert kring 250 millionar kroner dyrare enn veg gjennom sentrum.

– Dei økonomiske føringane er klart presiserte hjå oppdragsgivaren vår. Det skal sparast der det kan. Dessutan så vil ein fakttisk unngå å riva fleire hus ved å leggja veg og bane gjennom dagens sentrum. Då vil me måtta innløysa anslagsvis 6 – 8 bustadhus. Legg me vegen om Tolåsen, så vert talet på hus som må innløysast auka til 12 – 14 bustadhus pluss gardsbruket på Tolåsen. Men Vaksdal Senter kan då bli ståande. Senteret må rivast om vår tilråding med både veg og bane i sentrum vert valt, seier Søderholm.

Departementet si avgjerd

Silingsrapporten skal danna grunnlaget for planprogrammet som skal ut på høyring. Det er kva dette programmet skal innehalde som no departementet vurderer i lag med Søderholm og andre planleggjarar frå vegvesenet og Bane Nor.

– Så i denne vurderinga kan altså Tolås-alternativet på Vaksdal forsvinna før saka kjem ut på høyring?

– Det kan den, svarar Søderholm.

– Trur du det skjer?

– Det er umogeleg for meg å vita. Det er fleire grunnar som tilseier det, men så er det dette med den store og klare folkeviljen i Vaksdal då, som både me og folka i departementet veit om, seir Søderholm.

Han veit ikkje kor tid KMD (Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderer i denne saka.

– Men det blir nok ikkje lenge til. Me har tidsprosessar her som gjer at denne saka må ut på høyring seinast tidleg på vårparten, seier Gunnar Søderholm.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.