annonse

Vil starta Vaksdal Turlag

NATURPERLE
NATURPERLE: Fellesskapen i eit lokalt turlag vil kunna dyrkast på tur i naturvakre område i nærmiljøet, som her i fjellheimen i Bergsdalen. (Foto: Sveinung Klyve)

Bergen og Hordaland Turlag ønskjer å starta opp eit lokal turlag i Vaksdal. Tysdag neste veke er det allmøte i Turbinen.

Magne Solhaug

– Me har 14 lokallag i Hordaland. At me ikkje har slikt i Vaksdal, der me har så mange hytter og turstiar, synest me er synd. Me håpar no det skal bli ei endring på dette, seier organisasjonsleiar Trude Iversen i Bergen og Hordaland Turlag (BHT).

Modalen og Vaksdal

Både Vaksdalsfjella, Bergsdalen og Eksingedalen, og innover i Stølsheimen, finn ein dei mest brukte områda til BHT.

– Stølsheimen er også viktig for oss, og den går inn i Modalen kommune også. Heller ikkje i Modalen har me lokallag, og me ønskjer gjerne interesserte derifrå også på møtet vårt på Dale, seier Iversen.

Den Norske Turistforening

Målet er å kunna skipa eit lokalt turlag, slik ein mellom anna har greidd i nabokommunane Osterøy og Samnanger.

Laget vil då bli tilknytt Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening, som er ein av dei største frivillige organisasjonane i landet.

Tilrettelegging og kurs

– I lokallaget vil me kunna hjelpa til med kursing, tilrettelegging og informasjon, og ein vil kunna gje turtilbod til ulike aldersgrupper. Ein kan til dømes organisera det i eigne grupper for born, for ungdom, vaksne og seniorar, slik me har det her i BHT. Ein kan sjølvsagt også organisera det på andre måtar, som passar betre lokalt.

– Kva anna trengst?

– Først og fremst interesserte frivillige som ønskjer å vera med på dette, og bidra lokalt til at me får i gang eit turlag i Vaksdal, seier Iversen.

Ho legg til at på møtet i Turbinen så vil ein frå BHT gå gjennom fordelar og mogelegheitene ein får ved å vera med i eit lokallag tilslutta dei og Turistforeininga.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.