annonse

Vintertreffet er i gang

UNDERHELDT
UNDERHELDT: Kjell Bigset fekk publikum med seg under Klypa-showet. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
I TERAPI
I TERAPI: Her er Kjellen i terapi for temperamentet sitt. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
STAL SHOWET
STAL SHOWET: Den noko forvirra lydmannen til Kjellen er komen på scenen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
SPESIELL SVOGER
SPESIELL SVOGER: BDSM-svogeren til Kjellen fekk styra showet ei stund. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
KOSA SEG
KOSA SEG: Ida Carlsen Eide Aabrek (til høgre) sa til VP at ho set pris på at det skjer noko på Vaksdal. Her er ho saman med Margrethe Eide (til venstre) og Marta Knutsen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Trass i få førehandsselte billettar trekte Klypa-showet full samfunnssal torsdag kveld.

Kristine Næss Thorsen

– Det var eit greitt show, sjølv om det var litt mykje underbuksehumor. Det er uansett fantastisk at ein mann klarar å gjennomføra eit slik show heilt åleine, sa Knut Stamneshagen, som var ein av dei som sat i salen under Klypa-showet «Med prostata mot stjernene».

Mykje latter

Sjølve namnet på showet røper at ein må lika underbuksehumor over gjennomsnittleg godt for å le av opplevingane til Kjell «Kjellen» Bigset, som me følgjer gjennom den vanskelege reisa hans gjennom livet.

Hjå Vaksdal-publikummet sat latteren iallfall laust, og både born, unge, vaksne og eldre verka som dei hadde det kjekt.

Eit av høgdepunkta, då sjølv Kjellen hadde vanskar med å halda seg frå å le, var då han skulle til legen for sjekka prostata, og enda meg å spruta heile legekontoret full av avføring.

Konsertar i helga

Vintertreffet held fram i helga. I dag, fredag, er det vinterkonferanse for næringslivet, konsert med Tor Endresen med band, og deretter Østre Gasværk frå Danmark.

Laurdag er det som vanleg marknadsdag på Vaksdal senter. Seinere er det familiekonsert med Freddy Kalas. Om kvelden blir det konsertar med Violent Gin med musikarar frå Eksingedalen og Stamnes, og Dirty Deeds frå Nedre Eiker i Buskerud.

knt@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.