annonse

Violent Gin hevdar seg i låtkonkurranse

Rockegruppa Violent Gin vart starta våren 2016. I fjor gav dei ut debutsingelen. Frå venstre
MARKERER SEG: bassist Ole Christian Tøsse, trommis Simon Flatekval, vokalist Charlotte Marlen Midtun og gitarist Øyvind Flatekval. (Foto: Nese Media)

Debutsingelen til det lokale rockebandet Violent Gin ligg for tida på førsteplass i ein konkurranse om fjorårets beste rockelåt i Noreg.

Stine Strand Carlsen

Det er den norske nettstaden Rockman som avheld konkurransen. Her konkurrerer 180 norske og internasjonale band om å ha den mest populære rockelåten i Noreg i 2017. Store namn som Alice Cooper, Motörhead og U2 er mellom dei nominerte.

– Ikkje måte på

Debutlåten til gruppa med medlemmer frå Stamnes og Eksingedalen, «I Would Lie», ligg førebels på førsteplass på lista, med heile 12 % av stemmene. 28. januar skal vinnarlåten kårast, i tillegg til dei topp 50 beste rockelåtane for 2017.

– Det er sjølvsagt grådig kjekt, enn så lenge. Det er nesten ikkje måte på kven me konkurrerer mot. Men det er ei stund att å stemma, så me tek ikkje heilt av endå, seier gitarist i Violent Gin, Øyvind Flatekval til VP.

Bandet har lagt ut oppmodingar om å stemma på si Facebook-side, og taktikken har tydelegvis fungert.

– Når alt kjem til alt viser det at folk bryr seg om det me driv med, og at sosiale medium openbert fungerer til å nå fram til folk, seier Flatekval.

Mykje skryt

Nettstaden sparar ikkje på komplementa i sin omtale av bandet.

– Bandet spelar solid «tight», og Charlotte Marlen Midtun sin vokal må framhevast. Utvilsamt noko som lyftar bandet det vesle ekstra. Kort tid etter at «I Would Lie» kom ut, vart bandet kontakta av fleire radiokanalar i USA som ville spela singelen, mellom anna av Steve Torres som har jobba tett på mellom andre Mötley Crüe. I juni vart låten premiert til «single of the month» på BCfm radiokanal i England, og «I Would Lie» vert hyppig spelt på fleire radiokanalar i England, USA, Australia, Tyskland og Portugal. Me heiar sjølvsagt på norsk rock, og dette er utvilsamt eit band som me ønskjer til norske festivalar og rockescener, skriv Knut Erik Myhre på Rockman sine nettstader.

Høyr låten her

Gje di stemme her

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.