annonse

Violent Gin med ny singel og video

NY LÅT
NY LÅT: Violent Gin er ute med ein ny singel som det er laga video til. Frå venstre Ole Christian Tøsse, Charlotte Marlen Midtun, Øyvind Flatekval og bak trommis Simon Fltaekval. (Foto: Esben Hesjedal)

Videoen til låten «Join The Show» er spelt inn i auditoriet på Dale barne- og ungdomsskule og i Bryggjeslottet i Modalen. (Sjå link til videoen nedst i saka)

– Me gler oss veldig til å få den ut. Låten har vore klar lenge, seier gitarist Øyvind Flatekval.

Musikkvideoen til bandet med medlemmar frå Eksingedalen og Stamnes, har retropreg, og er laga av Lars Ørjan Nese frå Modalen.

– Alle scener som me deltek i, er spelt inn i auditoriet på skulen på Dale. Dei scenene der ein ser publikum er tatt opp i Bryggjeslottet i Modalen, Me er takknemlege for alle hjelpa me har fått frå statistar i musikkvideoen.

Nesten hardrock

Låten «Join The Show» er fengjande, og ligg på grensa til hardrock med doble basstrommer, svingande riff og gitarsolo, med ein rå, kraftig vokal, skriv bandet i ei pressemelding.

Det var i slutten av mai i fjor at Violent Gin kom ut med debutsingelen «I Would Lie».

For den vann dei kåringa «Årets beste rockelåt 2017» i magasinet Rockman. Dei blei også nominert i 666-lista på radio rock, der verdas beste rockelåtar gjennom tidene blir kåra.

«I Would Lie» har 200.000 avspelingar på Spotify, og blir spelt på radiokanalar verda rundt. Låten vart «Single of the month» på BCfm radio i England.

Debuterte i fjor

Framover har rockebandet fleire festivaljobbar, saman med mange andre kjende artistar. Nyleg delte dei scene med Freddy Kalas og Tor Endresen, der tilbakemeldingane var at dei var eit ypparleg liveband.

Violent Gin blir også å sjå på Madam Felle og Hulen i Bergen i vår, i samband med release av «Join The Show».

– Det er veldig kjekt at me merkar at ting byrjar å skje, seier Flatekval, og lovar at det kjem meir musikk etter kvart.

– I utgangspunktet tenkjer me å gje ut ein singel til før sommaren, men det er vanskeleg å setja ein dato. Akkurat no er me aktive i studio for å spela inn musikk.


Sjå videoen til «Join The Show» 




Kristine Næss Thorsen

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.