annonse

Violent Gin rocka Vaksdal

FULL TRØKK
FULL TRØKK: Violent Gin gav alt under Vintertreffet på Vaksdal. Frå venstre Ole Christian Tøsse, Charlotte Marlen Midtun, Øyvind Fløatekval. I bakgrunnen skimtar ein trommis Simon Flatekval. (Foto: )
VINTERTREFFET
VINTERTREFFET: Violent Gin spelte laurdag kveld på Vaksdal. (Foto: Esben Hesjedal)
VINTERTREFFET
VINTERTREFFET: Violent Gin spelte laurdag kveld på Vaksdal. (Foto: Esben Hesjedal)
VINTERTREFFET
VINTERTREFFET: Violent Gin spelte laurdag kveld på Vaksdal. (Foto: Esben Hesjedal)
VINTERTREFFET
VINTERTREFFET: Violent Gin spelte laurdag kveld på Vaksdal. Her trommis Simon Flatekval, som med energisk spel og doble basstrommer gav alt. (Foto: Esben Hesjedal)

Det lokale bandet Violent Gin satsar på å nå ut til eit større publikum. Laurdag under Vintertreffet fekk bandmedlemmene kjenna på korleis det er å vera rockestjerner.

Esben Hesjedal

– Det var veldig gøy å stå på scena. Det seig bra på med folk, og stemninga var god. Elles er det litt rart å kunna gå heim frå ein spelejobb, smilte Øyvind Flatekval etterpå.

Gitaristen er busett på Vaksdal, men kjem frå Eksingedalen. Det gjer også bror og trommis Simon, medan bassist Ole Christian Tøsse kjem frå Stamnes. Med seg har dei vokalist Charlotte Marlen Midttun frå Osterøy.

Satsar

Bandet var første band ut på scena laurdag kveld, før Dirty Deeds og Freddy Kalas overtok. Frå ein entusiastisk gjeng framfor scenekanten fekk Violent Gin god respons på musikken, som både bestod av kjende coverlåtar og eige materiale. Trass i at bandet berre har spelt saman i knappe to år, lèt det tett og energisk.

– Ole Christian og Simon jobbar turnus, så me må tilpassa øving og konsertar, men me satsar for fullt på Violent Gin no. Framover skal me vera ein del i studio for å spela inn musikk, og til sommaren håpar me å få ein del festivaljobbar. Noko er allereie i boks, medan me håpar og ventar på fleire avklaringar frå arrangørar, fortel Øyvind.

Ny singel 9. mars

Nyleg spelte bandet inn musikkvideo til ein ny låt, som har tittelen Join The Show. Denne låten håpar bandet skal verta ein god oppfølgjar til debutsingelen I Would Lie, som gjekk til topps i musikkmagasinet Rockman si kåring av beste rockelåt i 2017.

– Join The Show kan på ein måte minna litt om førstesingelen, så me har tru på at den vil slå an. Videoen er delvis spelt inn i Bryggjeslottet på Mo, og delvis i auditoriet på ungdomsskulen på Dale. Den har eit retro-tema, og vert presentert 9. mars, opplyser Øyvind Flatekval.

eh@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.