annonse

VP-cup i Turbinen

BEDRIFTSKLASSEN
BEDRIFTSKLASSEN: Laget til Dale barne- og ungdomsskule jublar etter finalesiger over Felleskjøpet. (Foto: Esben Hesjedal)
VP-CUPEN
VP-CUPEN: Sandra Stavenes med ryggen til, medan Marthe Karlsen og Emelie Dahle Skjerveggen kjempar om ballen. (Foto: Esben Hesjedal)
PRIS
PRIS: Helsehuset (i kvite drakter), som stilte lag i bedriftsklassen, fekk ein spesialpris for positiv framferd og at alle spelarane på laget utanom ein var damer. (Foto: Esben Hesjedal)
VINNARLAGET
VINNARLAGET: Dei Hine vart vinnarane i dameklassen i VP-Cupen. (Foto: Esben Hesjedal)
TETT
TETT: Mange spennande kampar under VP-Cupen. (Foto: Esben Hesjedal)
VINNARLAGET
VINNARLAGET: Lokomotiv Ballespark vann herreklassen. (Foto: Esben Hesjedal)
VP-CUPEN
VP-CUPEN: Sæterdal Elektro sin Thomas Fotland klar til å ta frispark mot skulelaget frå Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
2. PLASS
2. PLASS: Laget Sabeltanns Piker fekk pokal for 2.-plassen i dameklassen. (Foto: Esben Hesjedal)
BRA MED FOLK
BRA MED FOLK: Både på benken og tribunen var det bra med folk i Turbinen. (Foto: Esben Hesjedal)

FOTBALL: 14 lag deltok fredag og laurdag i VP-cupen i innandørsfotball i Turbinen.

Esben Hesjedal

Både aktive fotballspelarar, hobbyspelarar og dei som har VP-cupen og Vertshuscupen som sine einaste to fotballaktivitetar i løpet av året, var i aksjon i Turbinen med helga.

Skulelaget best

Fredag var det bedriftslaga som spelte, og her gjekk Dale barne- og ungdomsskule til topps. Laget slo Felleskjøpet frå Vaksdal 4-1 i finalen.

Skulelaget sine finaleskåringar vart sette inn av Preben Sandvik, Ibrahim Osman og Ole Marius Jakobsen (2).

Joachim Krogsrud spelte på vinnarlaget.

– Eg har spelt litt iallfall, men er mest med som moralsk støtte for dei andre på laget. Det er veldig sosialt og kjekt å delta på ein slik cup saman med gode kollegaer, smilte Krogsrud.

Dameklassen

Laurdag var det dame- og herreklassane sin tur. Laget Dei Hine vann dameklassen, etter å ha slått Sabeltanns Piker 4-0 i finalen.

For Dei Hine var det Emilie Dahle Skjerveggen, Tina Tollefsen, Andrea Dahle Skjerveggen og Lisa S. Sellevold som skåra i finalen.

Jamn herrefinale

I klassen for menn var det Lokomotiv Ballespark som til slutt vann, etter ein spennande og jamn finale mot laget Eskeetit.

Ørjan Midtun og Magnus Bru Reigstad skåra vinnarlaget sine mål i finalen.

eh@vp.no





Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.