annonse

Vurderer ny vegløysing på Vaksdal

SATSAR PÅ SÆDALEN
SATSAR PÅ SÆDALEN: Vaksdal kommune ønskjer at Statens vegvesen skal flytta traseen for nye nye E16 frå sentrum nede ved fjorden og til Sædalen (grenda nærast). (Arkiv (Foto: Marit Erstad)

Vaksdal kommune godtek ikkje forslaget til ny 4-felt vegløysing for K5 gjennom Vaksdal. Prosjektleiinga går no ein ny runde for å sjå om ein kan finna ei anna løysing.

Magne Solhaug

Kommunen meiner alternativet med plass til ny, firefelts E16-veg, parallelt med nytt dobbelspor og ny Vaksdal stasjon mellom Bogatunnelen og Jamnatunnelen, ikkje er i tråd verken statlege eller regionale planretningsliner.

Sædalen

– Alternativet er også i strid med føremålsparagrafen i Plan- og bygningslova, og vert ikkje tilrådd, skriv ordførar Eirik Haga i eit brev til Statens vegvesen.

Til VP presiserer Haga at for kommunen er den einaste farbare løysinga på Vaksdal å få flytta vegen utanfor sentrum, til Sædalen. Dette sidan prosjektleiinga heller ikkje kan gå for forslaget som er komme om å erstatta dagløysinga på Vaksdal, med eit tverrslag i Skreien.

Ein ny runde

Kva gjer ein så med denne planprotesten på Vaksdal, når kommunen ikkje godtek dagløysinga i sentrum?

– Me går ein ny runde på Vaksdal for å sjå om ein kan finna andre løysingar, seier Statens vegvesen sin prosjektleiar, Gunnar Søderholm, til VP.

– Er forslaget med å erstatta dagløysinga i sentrum, med eit tverrslag i Skreien ikkje aktuelt?

– Nei, der er det ikkje. I løysinga me har fått godkjent er det eit vilkår med ei dagsone på minimum 200 meter for at tunnelane skal vera to ulike brannobjekt. Det oppnår vi ikkje med den skisserte løysinga, seier Søderholm.

«Halmstrå»

Prosjektleiaren heldt likevel mogelegheitene opne både for å tilpassa dagens traséval mot kommunen sine krav, og for å flytta traseen vekk frå sentrum og ta fram att alternativet som kan vera aktuelt, i Sædalen. Eit alternativ i Tolåsen har ein fått nei til frå Vegdirektoratet.

– Om me får til noko endring, det veit eg ikkje endå. Men, me skal prøva så får me sjå. Me skal mellom anna i møte denne veka med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er planmyndigheit her, seier Søderholm.

Løpet truleg køyrt på Stanghelle

Medan det altså framleis er von om å finna ei løysing som hindrar at hus og bygningar i stort omfang ryk til i Vaksdalsbygda, så synest løpet vera meir køyrt i Stanghelle sentrum. Dette trass i at Vaksdal kommune har protestert også på den planlagde jernbaneløysinga med stasjon på Døso. Ny E16 på Stanghelle skal etter planen gå utanom sentrum, og komma ut i tunnel i Budalen mellom Stanghelle og Helle.

Nærare Vågen

– Jernbaneløysinga på Stanghelle vil gjera det vanskeleg å reetablera nye sentrumsfunksjonar i bygda, skriv ordførar Haga i brevet til vegvesenet, og meiner at det er fullt mogeleg å finna betre løysingar også her. Ved å trekkja stasjonen nærare Vågen, og la delar av perrongen komma der, samstundes som ein knyter Stanghelle Vest saman med den nye stasjonen med ein gangveg.

Jernbane viktigare enn veg

– Uansett kva ein gjer så vil ein knusa egg også på Stanghelle. Mange hus og bygningar vil ryka, seier Haga, som presiserer at for han er jernbana viktigare enn vegen,

– Nye stasjonar på Vaksdal og Stanghelle, som i reisetid vil liggja mindre enn 20 minutt frå Bergen sentrum, er umåteleg viktig å få på plass, seier ordførar Eirik Haga.

– Me vurderer sjølvsagt også dette innspelet på Stanghelle, men me konsentrerer oss mest om Vaksdal i arbeidet no. På Stanghelle meiner eg at me er meir i mål, seier Søderholm.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()