annonse

Yrkesmesse i Turbinen torsdag kveld

BKK
BKK: Frå fjorårets yrkesmesse, der BKK var mellom arbeidsgjevarane som informerte og svara på spørsmål frå foreldre og elevar. (Foto: Arkiv)

Torsdag kveld er det tradisjonen tru yrkesmesse på Dale, der lokalt næringsliv vil presentera seg for avgangselevane på ungdomsskulen.

Dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap, Vidar Skeie, understrekar at messa er open for alle.

– Det er 20 bedrifter som har stand i Turbinen, og det brukar å vera mykje interessant å få med seg, spesielt for dei unge som er på leit etter kva utdannings- og yrkesval dei skal ta, seier Skeie.

Messa er som før eit samarbeid mellom Dale barne- og ungdomsskule og Vaksdal Næringsselskap.

– Først vil det vera ein felles del der elevar, foreldre og andre interesserte vil få høyra Linda Lien og Jørn Øyrehagen Sunde fortelja om sine yrkesval, særleg med vekt på at det er mogleg å pendla til interessante jobbar i Bergen frå Vaksdal kommune. Med ny veg og bane i framtida, vil reisetida verta vesentleg nedkorta. Det vil gjera arbeidspendling endå meir attraktivt, trur Skeie.

Ordførar Eirik Haga vil orientera om dei mange og varierte jobbmoglegheitene hjå arbeidsgjevaren Vaksdal kommune, og Vidar Skeie vil snakka om næringslivet i kommunen.

– Eg håpar mange tek turen til Turbinen i kveld, seier Skeie.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.