Til hovedsiden
  Lokalavisa for Vaksdal og Modalen,  torsdag 29. jul 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYTT


Aktuelt
Born og unge
Kultur
Leiar
Næringsliv
Politikk
Sport
Finn nyheit:

   AKTUELT
Fotoarkiv
 
   ANNONSAR
Arbeidsmarked
Eiendom
Markedsplassen
Send inn annonse

   VAKSDAL POSTEN
Annonseinfo
Fakta om VP
Laussal
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!
Abonnement på nett

   ANNA
Lenker
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Få reaksjonar på eigedomsskatten
Magne Solhaug,  18.03.10

Siste veka har folk fått vita kor mykje dei må betale i eigedomsskatt i Vaksdal. – Reaksjonar har me fått, ja, men ikkje mange. Det verkar som folk flest synest taksten me har lagt oss på, er grei, seier assisterande rådmann Åse-Elin Myking til VP.


Assisterande rådmann Åse-Elin Myking, her saman med fagsjef økonomi, Bjørn Nilsen under ein tidlegare eigedomsskattedebatt i formannskapet. (Arkivfoto)

Utgangspunktet for å finna ut kor mykje den einskilde skal betala i eigedomsskatt er kommunestyret sitt vedtak om å innføra ein slik skatt på 2,5 promille på bustad- og fritidseigedommar i Vaksdal frå 2010.

Det er eit noko infløkt system ein brukar for å verdifastsetja hus og fritidseigedommar. Utgangspunktet er ein m2-pris som ein så gongar opp med ein faktor. For einebustader er prisen 8000 kr pr. m2. Kvadratmeter i hovudetasjen vert gonga opp med frå 0,7 til 1,0, loft med 0,4, underetasje 0,5 og kjellar 0,2.

For hytte og fritidsbustad er utgangspunktet 10.000 kroner pr. m2, våningshus 5.600, garasje, uthus og naust 2.000 og dei fleste næringsbygg 4.000 kr pr. m2. Så legg ein faktor og promillesats inn i reknestykket, og ein har dei viktigaste føresetnadene på plass for å finna den endelege eigedomsskatten, som den einskilde hus- og hytteeigar skal betala over tre terminar.   

MEIR I PAPIRUTGÅVA



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Skal du til utlandet i sommar?
JA
NEI
Svar til no: 378
JA: 46.03%
NEI: 53.97%