|
|
Dødsulukke på Stavenes Helge Furubotn, 10.07.10 Ein eldre mann frå Vaksdal kommune omkom i ei trafikkulukke ved snuplassen på vegen ut til Stavenes seint fredag kveld. AMK-sentralen i Bergen fekk varsling om ulukka i 22-tida fredag kveld 9.7.10. Ein bil hadde køyrt utfor vegen og rulla ned den bratte skråninga og enda på taket mot eit bustadhus. Ambulansepersonalet som kom til staden, varsla etter kort tid om at bilføraren hadde omkomme. Det var ein eldre mann frå Vaksdal kommune, og han var åleine i bilen, opplyser politiet. Ulukkeskommisjonen var på staden rundt midnatt, og køyretøyet er no henta av Falk, får VP opplyst hos Hordaland politidistrikt. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||