|
|
Eit sommarmøte med Ingvild L. og Aasmund Nordstoga Magne Solhaug, 15.07.10 Då stamnesjenta Ingvild Lilletvedt (37) flytta heimafrå for om lag 20 år sidan, var eit yrkesliv som songar og musikar truleg det ho minst tenkte seg. Men i framtida kan det fort verta røyndom. – Eg satsar i alle fall på det no, 100 %, fortel Ingvild som i dag er busett på Vinje i Telemark, er mor til tre små og gift med musikaren – og bonden Aasmund Nordstoga. MUSIKARAR OG EKTEPAR: Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Aasmund Nordstoga. – Eg hadde då fødd tre herlege born på 3,5 år. Samstundes opplevde eg ein slags veldig sterk musikalsk prosess. Det var som eit eller anna losna – eg kan ikkje forklara det annleis, fortel Ingvild. – Du fekk sjølvtillit og trua på at dette kunne du, og det kan du verkeleg, fortel Aasmund som læt vel over kona sine musikalske kvalitetar. – Ho er rett og slett skikkeleg flink. Ingvild minner litt om Kari Bremnes når ho framfører eigne ting, seier Aasmund. 1. august, i samband med Kulturdagane, kan det lokale publikummet få oppleva dette musikalske paret i Stamnes kyrkje. Saman med dei er gitaristen Åsmund Reistad. MEIR I PAPIRUTGÅVA
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||