|
|
Islandsk fest i Modalen Randi Bakke, 15.07.10 – Me vil at folk skal få oppleva meir kultur, få oppleva vår kultur! seier Gudbjórg Vilhjálmsdóttir ivrig. Som vertskap på Mobryggja har ho og mannen Egill Kristijanssón fullt belegg av feriegjester sommaren gjennom. Likevel har dei energi nok til å laga til Islandske kulturdagar neste fredag og laurdag. Gudbjórg ser fram til utekonserten med «The Reykjarvik Romberos». Då vert ho neppe åleine på bryggjekanten. Gudbjórg og Egill vil få god hjelp frå islandske kunstnarar og musikarar som vil presentera heimlandet under kulturdagane. På plakaten står mellom anna Tómas R. Einarsson. Han er ein verdskjend musikar, som tek med seg fire andre kjende musikarar til IS-kultur. Alle fem er frå Island, men til vanleg spelar dei i ulike grupper; nokre samarbeider med det islandske rockebandet Sigur Ròs, andre dreg på turne med Bjørk eller spelar på Nattjazzen i Bergen. Felles for Einarsson og gjengen i «The Reykjarvik Rumberos» er eit ønske om å skapa og formidla si særeigne blanding av heite rytmar og islandsk tradisjon. Truleg vil den «islandsk latinske afrofunken» evna å skapa trivsel og rykk i dansefoten når gjengen spelar på bryggjekanten laurdagskvelden. MEIR I PAPIRUTGÅVA
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||