|
|
Bussulukke mellom Dale og Stamnes Av Esben Hesjedal, 29.07.10 To personar kom lettare til skade då ein buss kom borti fjellveggen på Rv 569 i 7.30-tida torsdag. Fleire vindauge vart knuste då bussen kom borti fjellveggen på innsida av vegen. Ulukka skjedde mellom Geitabotn og Tretteneset, og bussen var på veg frå Stamnes til Dale. Det var tre passasjerar i bussen. To av desse fekk mindre skadar då fleire av vindauga på høgre side av bussen vart knuste. Sjåføren og den siste av passasjerane kom uskadde frå ulukka. Ambulansar, brannmannskap frå Dale og Vaksdal og politi rykte ut til ulukkesstaden. Dei to skadde vart sende til legesjekk på Dale. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||