Til hovedsiden

VAKSDALPOSTEN
Besøksadresse: Konsul Jebsengt. 3, Dale.
Postadresse: Postboks 50, 5721 Dalekvam
E-post: post@vaksdalposten.no
Telefon: 56 59 40 00
Utgjevingsdag: Torsdag

  Lokalavisa for Vaksdal og Modalen,  torsdag 21. aug 2014
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYTT


Aktuelt
Born og unge
Kultur
Leiar
Næringsliv
Politikk
Sport
Finn nyheit:

   AKTUELT
Fotoarkiv
 
   ANNONSAR
Arbeidsmarknad
Eigedom
Marknadsplassen
Send inn annonse

   VAKSDAL POSTEN
Annonseinfo
Fakta om VP
Laussal
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!
Abonnement på nett

   ANNA
Lenker
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Oljesøl etter skipsforlis
Esben Hesjedal,  09.02.06

Natt til torsdag i sist veke sokk den vel 30 meter lange frakteskuta «Fjordbuen» ved kaien til Stamnes Motorverkstad. Ein del dieselolje lak ut av båten, og det lukta diesel i store delar av Stamnesbygda. Ordførar Øivind Olsnes var same dagen på synfaring ved motorverkstaden. Han lovar no at kommunen skal setja i verk tiltak for å få rydda opp i det skjemmande området like ved Stamnes sentrum.


Torsdag vart det lagt ut sjølvabsorberande oppsamlingslenser rundt «Fjordbøen». Nokre timar seinare sokk heile båten.

Båt sokk ved kai på Stamnes

Frakteskuta «Fjordbuen» gjekk natt til torsdag i sist veke ned ved kaien til Stamnes Motorverkstad. Utslepp av dieselolje frå båten gjorde at det la seg «oljefilm» på fjorden i lange avstandar, noko som førte til diesellukt i store delar av stamnesbygda.

Torsdag morgon melde folk frå om forureining i fjorden ved Stamnes. Årsaka viste seg å vera at ein eldre båt som låg til kai ved Stamnes Motorverkstad, hadde gått ned.
Då brannsjef Steinar Lægreid og konsulent miljø/skog/vilt i Vaksdal kommune Terje Danielsen Kvamme kom til Stamnes torsdag føremiddag, kunne dei konstatera at det var olje/dieselflak på fjorden både ved Stamnes og nordover forbi Kallestadsundet bru. Båten låg då nokre meter frå kaien med berre delar av akterenden over vassflata.
— Me vurderte situasjonen slik at det var behov for å få lagt ut sjølvabsorberande oppsamlingslenser rundt båten. Det vart difor tilkalla oljeoppsamlingsutstyr frå Interkommunalt Utval for Akuttforureining (IUA), fortel Danielsen Kvamme.

Vel 30 meter lang
«Fjordbuen» er eigt av Bjarne Olav Eidnes, som også eig Stamnes Motorverkstad og fleire andre fartøy. Båten er vel 30 meter lang, sju meter brei og kan lasta kring 200 tonn. Då fartøyet sokk var det i følgje eigaren berre 10-15 tonn grus om bord.
— Dette var ei stor overrasking for meg. Sjølv var eg ikkje heime, men det var folk og såg etter båtane her onsdag kveld i 21.30-tida. Då såg alt greitt ut. At båten så går ned i løpet av natta synest eg er rart, sa Eidnes i 14-tida torsdag då han var komme på staden.
Han opplyste at det i hovudsak var diesel som har lekt ut frå båten. Årsaka til at båten sokk, synest Eidnes det var vanskeleg å ha noka klar meining om.
— Det må jo nesten ha gått hol i båten i og med at han sokk, og det må i så fall ha vore eit skikkeleg stort hol når heile båten går ned på nokre få timar. Det har for tida vore ei unormal låg fjøre, og det kan sjølvsagt henda at nokre steinar har slege hol i han på grunn av det, sa Eidnes.

Forsvann i djupet
Torsdag trudde ein lenge at båten låg på rimeleg trygg grunn, men i 17-tida seig han utover og gjekk heilt under vassflata.
Fredag var mellom andre representantar for Bergen og Omland hamnevesen på synfaring saman med kommunen sine folk. Det vart då bestemt at ein skulle få ein miniubåten til staden for å sjå på skadane, og korleis og kor djupt båten låg.
— Det viste seg at båten låg på 25-meters djupn, men ein kunne ikkje sjå noka umiddelbar årsak til at han gjekk ned. Me vil ein av dei næraste dagane få filmen som miniubåten tok opp, og denne vil vera ein viktig faktor i det vidare arbeidet med å finna ut kva som skal gjerast vidare med fartøyet. Politiet, som skal etterforska saka, vil også få kopi av filmen, fortel Terje Danielsen Kvamme.
Han opplyser at båteigaren må rekna med å ta alle kostnadene i saka, og at kommunen ser alvorleg på saka og miljøkonsekvensane ho medfører.
Det ligg no sjølvabsorberande lenser i bukta ved Stamnes Motorverkstad. Utsleppa av olje/diesel vil truleg ikkje gje alvorlege skadar på miljøet i fjorden, men på båtar og i fjøra vil ein nok ei tid kunna sjå restar av det som lak ut frå båten.

-------------------

— Noko må gjerast

Ordførar Øivind Olsnes var torsdag ved Stamnes Motorverkstaden for å sjå på det som var skjedd. Han seier at kommunen raskt vil setja i verk tiltak for å få orden i det skjemmande området.

Under folkemøtet på Stamnes nyleg vart det frå fleire sett fokus på at Stamnes Motorverkstad er skjemmande for stamnesbygda og at dette hindrar positiv utvikling i bygda. Eigar Bjarne Olav Eidnes er samd i at området kring motorverkstaden ikkje er nokon pryd for auga, men han ser ikkje noka kortsiktig løysing på problemet.
— Det kan ikkje stikkast under ein stol at området ikkje er som det burde. Eg har lenge hatt planar om å få orden og rydda opp her, men tida strekk ikkje til. Eg har fleire båtar i drift og mykje anna arbeid som må gjerast. Det er heller ikkje økonomi til å leiga inn folk til å rydda opp. Ein del av det som ligg her, var her då eg overtok, medan ein del er komme til. På kort sikt ser ikkje for meg noko storopprydning, seier Eidnes.
Ordførar Øivind Olsnes seier Vaksdal kommune vil ta tak i saka om å få rydda opp ved Stamnes Motorverkstad.
— Kommunen vil rimeleg raskt ta tak i denne saka for få gjort noka med området ved motorverkstaden. Uhellet med båten som sokk, er ikkje bra, og det har tidlegare også frå ulike hald vore fremja bekymring for at slike uhell kunne skje. Kommunen har tidlegare vore i dialog med eigaren, og han har lova å rydda opp. Noko har han gjort, mellom anna vart to gamle båtar fjerna for ei tid tilbake, men det er på langt nær rydda slik som ein burde, seier Olsnes.
Han fortel at han mellom anna vil ta saka opp med miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.   
— Me vil ta tak i denne saka rimleg raskt. Først må ein få oversikt over kva som må gjerast, og så må det gjevast rimeleg fristar for å få dette utført. Men det må skje noko i løpet av våren, seier Olsnes.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Har du tolmodigheit med alt vegarbeidet på E16 gjennom Vaksdal?
Ja det må til
Nei går for seint
Har inga meining
Svar til no: 1870
Har inga meining: 2.14%
Ja det må til: 51.98%
Nei går for seint: 45.88%