annonse

Damelaget slo Osterøy 5–0

SOLID
SOLID: Daledamene sette Osterøy på plass på Geitabakken onsdag. Til venstre i blå drak Elise Carlsen, til høgre Alexandra H. Fenne og bak Emelie D. Skjerveggen. (Foto: )

FOTBALL: Dale sitt damelag har fått ein god start og står med fire poeng på sine to første kampar.

Esben Hesjedal

Onsdag vart årets første heimekamp spelt på Geitabakken, og Dale sine damer viste seg å vera nokre hakk betre enn gjestane frå Osterøy.

Brende sjansar

Allereie etter 3. minutt sette Aina Skjerve inn sitt første mål for kvelden. Men trass i eit spelemessig overtak, særleg første halvtimen, stod det 1–0 til pause. Ei rekkje sjansar vart brende frå Dale sine offensive spelarar.

Trenar Bjørn Skjerveggen vedgår at han var litt oppgjeven til pause.

– Me burde ha hatt nokre mål til i 1. omgang, ja, ingen tvil om det. Men så justerte me litt i pausen, og i andre omgang fekk me endeleg utteljing på sjansane, seier Skjerveggen.

Fire mål etter pause

Aina Skjerve sette inn to mål til, mellom anna eit flott frispark. Også tvillingsøstera Malin teikna seg på skåringslista etter ein flott volley. Kampens siste skåring fekk Pia D. Skjerveggen æra av å setja inn, og dermed kunne damelaget innkassera ein solid siger.

Skade

– Alt i alt var dette ein god kamp frå vår side, og me er sjølvsagt godt fornøgd med opninga på sesongen. Det einaste trasige var at Malin Skjerve dessverre knekte kragebeinet og nok vert ute i ein lengre periode. Det var veldig synd både for Malin sjølv og laget, fortel Skjerveggen.

I Dale sin første kamp for sesongen, vart det 2–2 mot Nordre Fjell på bortebane.

eh@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.