annonse

Solid sesongstart av Dale

DALEJUBEL
DALEJUBEL: Dale vann seriepremieren mot Trane i Bergen. Biletet er frå i fjor.

FOTBALL: Dale slo Trane 5-2 på bortebane i serieopninga torsdag kveld, og sikra seg med det ein god start på sesongen.

Esben Hesjedal

Preben Sandvik i Dale sitt trenarteam er svært fornøgd med årets første seriekamp.

- Dette var ein skikkeleg lagsiger. Me jobbar for kvarandre, er svært solide bakover og skårar fem fine mål, smiler Sandvik.

Leia 4-0 til pause

Vegard Johansen skåra Dale sitt første mål etter eit kvarters spel. Før pause la Ronny Skjelde på til 2-0 til Dale, Even Johansen Indrebø auka til 3-0 og Aleksander Trohjell fiksa 4-0.

- Trane hadde vel berre ein sjanse i første omgang, så det var ein svært god omgang frå vår side. Etter at me la om til fem på midten for ei tid tilbake, har laget fungert godt både defensivt og framover, seier Sandvik.

Flott frisparkmål

Andre omgang starta med ei rask redusering til Trane, før Tonny Tysnes sette eit frispark i mål.

- 5-1-målet til Tonny var nok dagens flottaste. Frå 25 meter skrudde han ballen over muren og kontant i mål bak keeper, fortel Sandvik.

Godt i gang

At Trane reduserte ytterlegare ein gong før slutt, hadde lite å seia.

- Med denne sigeren er me godt i gang med sesongen, og utover i 2. omgang fekk alle fem innbytarane sleppa til slik at alle fekk bra med speletid. Det er litt kjekt. No ser me optimistisk fram mot neste kamp, som er heime mot Myrdal fredag 21. april, seier Preben Sandvik.

Klikk for å se kommentarer ()