1938: Her er Dalehallen eitt år gammal. Biletet er frå rapporten. (Foto: Erna Kvamme)

— Dalehallen bør skånast mot riving

— Dalehallen sitt eksteriør har i utgangspunktet høg arkitektonisk verdi, og bygningen bør utvilsamt skånast mot riving eller endringar til det ugjenkjennelege. Dalehallen representerer framleis eit stort potensial for kvalifisert rehabilitering.

Dette kjem fram i rapporten om den rivingstruga storstova på Dale, som professor i kunst og arkitekturhistorie ved Universitetet i Bergen, Siri Skjold Lexau og seniorarkitekt ved plan- og bygningsetaten i Bergen kommune, Hans-Jacob Roald står bak.

Er føreslege rive

Rådmann Atle Fasteland i Vaksdal har teke til orde for at Dalehallen bør rivast. Det er venta at denne saka snart kjem på den politiske dagsorden til kommunestyret i Vaksdal.

Sidan forslaget kom, så har saka engasjert stort, mellom anna i VP sine lesarspalter. Her har vore innlegg både for og mot riving. Sistnemnde gruppe får støtte hjå dei to som har utarbeidd rapporten om dette tidlegare mykje brukte forsamlingshuset til dalefolket. Dalehallen vart bygd i 1937, og har opp gjennom åra har husa omtrent alle slags aktivitetar.

Bygning

I detalj tek rapporten føre seg mellom anna korleis bygningen er forma. Her heiter det mellom anna:

— Den reinskorne bygningskroppen, oppført med ein struktur av støypte betongelement, er eit rektangulært volum i eit klart modernistisk formspråk med rett takavslutning. Den svakt hellande takflata er boren av ein fagverkskonstruksjon i tre. Kun ein bakbygning og ein liten balkong mot Ragnar Dogger-gata bryt den slutta bygningskroppen.

Farge

Dalehallen i dag er gulfarga, det har den ikkje alltid vore:

— Den opphavlege fargen er ukjent, men det går fram av tidlege svart-kvit fotografi av fasaden er lys med ei mørkare markering i tegl og «mineralet»-plater, og at vindus-omrammingane i tre opphavlege var mørke, kan ein lesa i rapporten.

Interiør

Også interiøret, mykje av det opphavlege frå 1937 og seinare, er framleis i bygningen, har fått eit eige kapitel. Det same har festsalen i 2. etasje, der scene og galleri er intakt med det meste av innreiinga.

— Her er detaljane i snikkararbeidet i stor grad bevart. Rom som garderobe, sminkerom, kontor og handverksrom har delvis opphavlege kvalitetar i behald. Maskinrommet for filmframsyning har verdfullt maskineri og anna teknisk utstyr som bør sikrast for ettertida, heiter det.

— Tilstanden er ikkje bra

Tilstanden til bygget er ikkje bra, Dalehallen ber preg av manglande vedlikehald, noko som ikkje minst kjem til synest utvendig.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Attmuring av ei rekkje vindauge har i vesentleg grad redusert fasaden sine estetiske og arkitektoniske kvalitet. Vedlikehaldet har vore dårleg over lengre tid, noko ikkje minst ytterveggene ber preg av, heiter det.

2020: Dalehallen i dag (Arkivfoto)

— Ikkje for seint å redda bygget

Men, det er ikkje for seint å redda Dalehallen, meiner Skjold Lexau og Roald.

I konklusjonen til rapporten er dette grunngjeve, og ein kjem også med framlegg på kva som kan gjerast for å vareta og heva Dalehallen sin status:

— Det liten tvil om at eksteriøret ville ha tent på tilbakeføring til det fasadeuttrykket og dei materialkvalitetane det hadde før attmuringa av vindaugo og tildekking av dekorative felt, som har skjedd. Det positive er at ein god del av teglforblendinga og mineralet-platene er i behald. Det same gjeld vindaugo med treramme på bakfasaden mot vest. Det burde ikkje vera vanskeleg å skrape seg fram til opphavleg fargesetjing dersom det er ønskjeleg å vidareføra denne. Trass lang tids mangelfullt vedlikehald og neglisjering av bygningen sin arkitektoniske verdi, kan Dalehallen endå trekkjast fram som eit verdifullt og karakteristisk eksempel på 1930-talet sin arbeidarkultur-arkitektur, heiter det i rapporten.

Historia

Her følgjer i korte trekk Dalehallen si historie fram til Vaksdal kommune overtok huset i 1985, slik den står i denne rapporten.

Prosjektet med et nytt forsamlingshus på Dale kom i gang ved at den nytilsette direktøren ved Dale Fabrikker, Ragnar Dogger, stilte gratis tomt og ein startkapital på 10.000 kr til disposisjon for Dale Tekstilarbeiderforening i 1936.

1939: Dale skule i framgrunnen, Dalehallen bak til venstre. Biletet er truleg teke i 1939 av Ivar Hesjedal.

Arkitekten

Arkitektkonkurranse vart lyst ut, og Torgeir Alvsaker (1875—1971) leverte vinnarutkastet. Den kjende arkitekten har teikna svært mange bygg, men Dalehallen var spesiell, ifølgje rapporten.

— Dalehallen er eit anlegg som skil seg ut frå resten av produksjonen til Alvsaker, og me anar eit skifte i hans arkitektoniske formspråk. Formspråket viser her ei klar innverknad frå internasjonal samtidsarkitektur rundt 1930, heiter det om arkitekten, som også var kjent for å ha emna å tilpassa ny arkitektur til lokale tradisjonar.

— Eit «Folkets hus»

Grunnarbeidet på Dalehallen starta i mai 1936 og året etter stod bygget ferdig.

Innviinga fann stad 4. juni 1937.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totale kostnader var kr 140.000.-, i tillegg kom innbu med ca. kr 8.000

Ved innviinga heldt direktør Dogger tale. Han sa då at hallen ikkje berre skulle vera eit «Folkets hus», men ei storstova og forsamlingshus for heile Dale-samfunnet. Dogger bygde med dette ned avstanden mellom arbeidarar og leiinga i Dale Fabrikker. Sidan stort sett alle på Dale var industriarbeidarar, var det mindre indre sosialt hierarki her enn mange andre stader.

Folket på Dale og tekstilarbeiderforeininga eigde og dreiv huset til 1985, da kommunen overtok både bygning og vedlikehaldsansvaret for 1 krone.