Mary Dankertsen si boble var den første som fekk bensin på den nye Esso-stasjonen i mai 1969. Her med stasjonsbestyrar Agnar Vatle (Biletet er utlånt av Vaksdal Fotoarkiv)
Mary Dankertsen si boble var den første som fekk bensin på den nye Esso-stasjonen i mai 1969. Her med stasjonsbestyrar Agnar Vatle (Biletet er utlånt av Vaksdal Fotoarkiv)

Damer køyrer ikkje bil

Bønder spelar ikkje tennis. Og damer køyrer ikkje bil. Det første er tittelen på ei diktsamling Herbjørn Sørebø gav ut i 1972. Det andre er slik det var på Dale rundt 1960. Då alle sjåførar var menn.

Eg såg aldri nabokonene; ho Jenny Låstad eller Alma Fotland bak rattet. Viss det då ikkje var for at dei skulle gjera bilen rein innvendig. For det var husverten vår; Fotland, ivrig på. Utvendig og.

Han hadde ein mørk blå Volvo PV, som han trilla ut av aluminiumsgarasjen ein gong på våren, når snøen var smelta bort.

Så sette han og kona i gang med å vaska og voksa og pussa bilen so blank, at du til slutt kunne sjå Nordafjellet opp ned i panseret. Deretter rygga han doningen inn att, til det vart søndag og kanskje godvêr, og tid for ein biltur. Som ikkje vart lang. For det fanst jo mest ikkje vegar heller, den gongen.

Ut på tur

Du kunna snigla deg nedover Dalevegen på andre gir, forbi gamlabanå på Dalegården, kryssa jernbanen, ta forbi bossdungen, smyga bilen under Storesteinen som trugande hang på skrå, berre støtta av ein pinne, ta over brua og Dalevågen, kanskje peisa han opp i tredje over sletta ved Helle, krabba i førstegir over Brekkjen og so rulla ned til kaien på Stanghelle. Der var det bom stopp.

Det same inne på Demring, viss du sette kursen inn Dalse'dalen, langs Bolstadfjorden, forbi Geitabotn og inn til der det enno ikkje var bygt bru, og berre Jaabæken kunne ta deg over straumen. Einaste vegen ut, var opp gjennom Bergsdalen, over Hamlagrø til Voss, og derfrå ut i den vide verda; Hardangervidda vest, Ryfylkeheiane og dalstroka innanfor.

Få bilar i Gatå tidleg på 60-talet.
Få bilar i Gatå tidleg på 60-talet. Foto: Andreas Arne. Utlånt av Vaksdal Fotoarkiv
Bjarte Ytre-Arne (62) er no prosjektleiar for Lillehammer Olympic Legacy Centre. Har fleire gongar vore speaker på Bergsdalen Opp og Daledagane.
Bjarte Ytre-Arne (62) er no prosjektleiar for Lillehammer Olympic Legacy Centre. Har fleire gongar vore speaker på Bergsdalen Opp og Daledagane.

Familien Låstad gjorde det ein sommar. Eg hugsar at vi andre ungane i Skulegata stod misunnelege og vinka farvel til Arne og Reidun i baksetet på den romslege Opelen, som forsvann bak Paviljongen og Pensjonatet. Då dei fleire veker seinare kom heim att, hadde den lyseblå Kapteinen fått ei fargerik bord av klistremerker nedst i bakvindauget. Der namn som Karlstad, København og Köln fortalde om ein ferietur vi andre berre kunne drøyma om. Noko vi gjorde.

Sjukebilen

Foreldra mine kjøpte ikkje bil før i 1963. Ein skiferblå Amazon med kvit pyntelist rundt dekka og B-18 motor.

Då hadde me budd i Bergsdalen eit år, og far min hadde pleidd å få skyss med Vedåen, i hans pastellgrøne Plymouth, opp og ned frå Brekke, til jobben på Dale. Fattern var politi, men hadde ikkje politibil.

Men sjukebil fanst. Den var det oftast Wolfen eller Åsmund Arne køyrde. Ei diger Chevrolet varevogn, med delvis frosta vindauge bak, og skiljeveg mellom førarhuset og rommet der to smale benkar langs sidene gav plass til Røde Kors-medlemer på utrykking. Eller om dei berre skulle på vakt eller dugnad i hytta på Lid.

Kyrkjeklokkene

Andre dagar vart han brukt som gravferdsbil, med bakdørene opne framfor følgjet som følgde kista ei siste reis ned til Dalegården. Akkompagnert av tunge slag frå kyrkjeklokkene. Når oppdraget var utført, og kista vel komen i jorda, var det kan henda juniorlaget som trong skyss til bortekamp.

Behov for sjuketransport var visstnok hovudgrunnen til at gode krefter gjekk saman og spytta i den svimlande sum av 25.000 kroner som bilen kosta. Men var du så dårleg at du måtte hentast av sjukebilen, laut du ha god rygg. For fjøring var fråverande og vegstandarden så ymse. Men det hjelpte med litt høy under sjukebåra, innpakka i pledd frå fabrikken.

Proffe sjåførar

Dei mørkegrøne lastebilane med logoen til Dale Fabrikker på dørene, var det Kalviken, Solbergen, Takvamen og Bosåen som køyrde. Berre menn. Slik også med sjåførane til Dale og Bergsdalen Billag. Vedåane; Nils og sønene Karsten og Willy. Supplert av Lien, Auroen, Sandviken og Skjelden frå Bulken. Han var uheldig og sklei utfor vegen med Commeren, i ein feildosert sving nedanfor Holeberg ein søndagskveld det glatte føret hadde kome overraskande. Det gjekk bra med både sjåføren og dei to passasjerane.

Trufast slitar

Men fisebussen som me kalla han, på grunn av dei putrande motorlydane han slapp ut, truleg fordi han gjekk på ei sær oljeblanding, vart vrak og seinare dumpa i fjorden innanfor Dalseid. Far min filma seansen, og det var lika skøy kvar gong han køyrde filmen baklengs, og vi såg Commeren stiga som ein blå-kvit prustande kval opp frå fjorden, og mot alle tyngdekraftas lover bykste oppover fjellveggen og inn på vegen att. Der stod Vedåen med tårer i auga og rista på hovudet. Eigentleg fordi han tok farvel med ein trufast slitar.

Men dei hadde fleire bussar i garasjen. Alle med eigne namn. Det var Varebussen, ein Volvo som hadde passasjerkupe framme, og lasterom for mjølkespann og varekassar frå Seimen og Handelsforen'jæ bak. Og Nyebussen, ein Mercedes som bar det namnet til lenge etter at han truleg var kvalifisert for status som veteranbil. Bilar

Men ikkje alle tok bussen. Det fanst privatbilar også. Av ymse slag og prisklassar. Volvoen til Fotland var vel sånn nøkternt, midt på treet. Men var du fabrikkdirektør Heggland oppe i Lia, då høvde det seg å rulla rundt i ein elegant Citroen DS med hydraulisk fjøring. Gubbegjengen på Hotellhjørnet kalla han berre for Paddå.

Vanlege folk, som foreldra til Rolf Eriken, klarte seg med ei svart boble, med delt bakvindauge og blinklys som spratt ut av døra som lysande pilar. Viss du brydde deg med å bruka dei då. For det var jo sjeldan det kom nokon bak, som trong varslast om kor du hadde tenkt deg.

Ein som heitte Knut Fenne hadde vore til sjøs og tent gryn nok til ein struttande, turkis og kvit amerikansk Studebaker Champion frå 50-talet, som nok vart sett på som litt breialt for det sosialdemokratiske Dalesamfunnet.

Det same med Leivdalen, ein høg og mørk trønder som var lærar på ungdomsskulen ein vinter, og litt playboy på kveldstid, når han cruisa rundt i ein Triumph Herald Cabriolet. Helst med kalesja oppe, om han hadde fått seg dame om bord. Unntaka

For damene sat som regel på. Bortsett frå dei få som braut skikken.

Fru Heggland var visstnok pioner der. Frk. Husum på telegrafen køyrde ein liten Fiat, og Mary Dankertsen si eiga boble.

I Bergsdalen fanst eit par tøffe ungjenter; ho Gerd Norunn på garden Berge, og svigerinna Kari som allereie hadde lappen, då ho kom til gards og vart kjerringa til Johsen.

Mor mi tok lappen i 64, så ho kunne køyra sjølv, til spes.ped.-forelesingar på Voss, eller kommunestyremøte på Dale. Der ho i alle år kjempa mot nedlegging av skulen. Ein tradisjon Bergsdølene heldt i live, til dei tapte i 2009.

At siste ord enno ikkje er sagt om skulen sin vidare lagnad, - ja, det er ei heilt anna historie.