Gabriel Straume Bah og Eliina Kalda fortel at både 5.,6. og 7. klasse jobba saman for å laga musikkomposisjonen «Glintre».
Gabriel Straume Bah og Eliina Kalda fortel at både 5.,6. og 7. klasse jobba saman for å laga musikkomposisjonen «Glintre». Foto: Kristine Næss Thorsen

Deltok i nasjonal musikkonkurranse

Elevane ved Stamnes skule og Dale barne- og ungdomsskule komponerte eigen musikk, og var med i konkurransen om Veslefrikkprisen 2018.

– Det er gøy å laga kule melodiar, seier Eliina Kalda, som går i 6. klasse ved Stamnes skule.

Ho og dei andre elevane i 5., 6 og 7. klasse på Stamnes skule har jobba med komponering i åtte veker. Elevane på 4. og 5. trinn ved Dale skule jobba også med prosjektet.

Resultatet frå skulane blei sendt inn, og elevane var med i konkurransen om Veslefrikkprisen, saman med skular over heile landet.

– Me har laga små rytmekomposisjonar i musikktimane tidlegare, men dette var nytt for oss, forklarar Gabriel Straume Bah, som går i 7. klass ved Stamnes skule.

Koblar saman gruppene

Av instrument brukte Stamnes-elevane xylofon, panfløyte, regnstav, tromme, kubjølle, triangel og ukulele då dei komponerte. Dei laga også jamn rytme med ein basketball.

– Me byrja å eksperimentera med lyder og kule rytmar, og vart delte inn i ei slagverksgruppe og ei melodigruppe, fortel Eliina.

Etter at dei to gruppene hadde jobba kvar for seg, blei musikken sett saman. Musikkstykket kalla dei «Glintre».

«Glintre»

Gabriel fortel at dei ganske tidleg jobba med å finna namn på komposisjonen, sånn at dei kunne tenkja på namnet då dei laga musikken.

– Med eit nyord som «Glintre» kunne me laga innhaldet i musikken sånn me ville, forklarar musikklærar Hege Eide Vik.

Ho synest komposisjonen blei fengjande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kunne sikkert bygd den ut, men me måtte setja strek ein stad.

Vik seier det er eit viktig kompetansemål at elevane får vera med å komponera. Ho forklarar at dei såg på instruksjonsvideoar før dei byrja musikkprosjektet.

– Me hadde godt materiell me kunne bruka. Eg har musikkutdanning, men det er mange musikklærarar som ikkje har det, så dette er eit tilbod for alle.

Gode tilbakemeldingar

Verken Stamnes- eller Dale-levane vann konkurransen, men dei fekk gode tilbakemeldingar frå profesjonelle dommarar som er musikarar og komponistar. Dei fekk også tips til kva dei kan gjera betre til neste år. Mellom anna skreiv dommarane til Stamnes-elevane at musikken var fengjande og rytmisk, og morosam å høyra på.

Vinnarane av Veslefrikkprisen vart invitert til Oslo for «ein drøymedag med NRK Kringkastingsorkestret» der musikken dei har skrive vert orkestrert for samspel mellom KORK og borna sjølve.

knt@vp.no