Marianne Juvik Sæbø, sopran og solist, Terje Kleppe på flygel og mannskoret med dirigent Lars Ragnvaldsen. Foto: Magne Solhaug

Ei god førjulsstund med mannskoret og Marianne

I år var det niande gongen at Dale Mannskor og Marianne Juvik Sæbø heldt julekonsert i kyrkja på Dale. Som vanleg vart det ei god førjulsstund med både nye, men mest kjende og kjære juletonar for dei mange som hadde teke turen. (Sjå film frå konserten under)

— Neste år er det jubileum, då skal me toppa dette, lova korformann Ole Johnny Domben.

Mektig

Korleis ein skal greia det, var det sikkert nokon som undra seg på etter nesten to timar med mektig og fin julesong i den akustikkvenlege Dale kyrkje. Lyden bar godt, ein høyrde like godt om ein sat på galleriet eller på fremste benk.

Takk

— Så takk også til Boge Lyd, også dei har gjort ein god jobb i dag, sa Domben, då han ved konsertslutt takka koristar, publikum og delte ut konfektøskjer til dei tre mest sentrale, sopran Marianne Juvik Sæbø, pianist Terje Kleppe og musikalsk leiar Lars Ragnvaldsen.

Det var ein som vanleg entusiastisk musikalsk leiar Lars Ragnvaldsen på mannskoret og Marianne Juvik Sæbø sin julekonsert. Foto: Magne Solhaug