Eit enkelt og fint musikalsk møte
Nært, ekte og levande — kan vera stikkord på Elin Furubotn sin kveldskonsert i Forsamlingshuset sist veke. (Sjå film frå konserten nedst i saka)
Songaren, tekstforfattaren, komponisten og gitaristen, med slektsrøter på Vaksdal, skulle eigentleg vore her i mars. Men etter tre av 22 konsertar vart det stopp, fortalde ho.
20-årsjubileum
Sjølvsagt så var det koronapandemien som sette ein stoppar for så mange artistar sine turnéplanar, som gjorde det same for for 20-årsjubilanten Elin Furubotn. Då er det altså som musikar og songar ho jubilerer i 2020, den tidlegare sjukepleiaren.
No er ho og ein del av hennar likesinna så smått i gang att med turnélivet. Med jubileumscd-en «Blikk» som lokkemat, også vinylvarianten låg på bordet ved inngangsdøra, stilte ho med sterk musikalsk støtte frå den intime scena i Forsamlingshuset. Torbjørn Økland, tidlegare «Vamp», på trompet og ymse gitarvariantar og Sigbjørn Apeland på eit godt gammalt trøorgel, visstnok 100 år gammalt, gav Furubotn og musikken hennar det rette lydbilete.
— Like bra som symfoniorkester
Repertoaret var variert, songane både av ny og eldre dato. Også hennar kanskje mest kjende, «Så lett kan det ver», som ho i si tid gjorde saman med Morten Abel og Stavanger Symfoniorkester, vart framført.
— Symfoniorkesteret treng me i verkeleg ikkje i kveld, ikkje er det plass til dei heller og mine to medmusikantar gjer jobben like godt, meinte ho.
Sjå film frå konserten i Forsamlingshuset her: