Endeleg kulturskulekonsert igjen

Unge elevar som framførte julemusikk under kulturskulekonserten i biblioteket.

Etter mange og lange månader utan normal undervisning og heller ikkje konsertar, kunne kulturskulen torsdag endeleg halda konsert igjen. Sjå film nedst i saka.

Julekonserten var lagt til biblioteket i den nye skulen på Dale, og kulturskulerektor Sindre Sortland syntest det var godt å vera i gang igjen.

— Både elevane og me lærarane kjende på at me på ein måte er litt ute av konsert-trening. Den siste tida har me sett at det er motiverande å ha ein konsert å sjå fram til. Dette var litt ekstra spennande og uvant, men det vart ein veldig fin konsert, seier Sortland.

Jonathan Gravdal på piano.

Ventar på kultursalen

Den nye kultursalen på skulen er framleis ikkje teken i bruk til konsertar. Det er noko kulturskulerektoren ser fram til at skal skje.

— Biblioteket er jo eit veldig fint lokale, og det fungerte bra med konsert der. Men juleønsket mitt er at kultursalen snart kan takast i bruk. Det er monteringa av skyveamfiet som står att, no står dette ute på golvet og tek opp mesteparten av plassen. Ein ventar visst på nokre utanlandske montørar, som ikkje kan komma til Noreg grunna koronaen. Eg håpar dette løyser seg så raskt som mogleg i 2021, seier Sortland.

Biblioteket som konsertsal

Ei rekkje kulturskuleelevar fekk visa kva dei kunne, alt frå dei aller yngste på ukulele, og piano og gitarelevar til dei som spelte på ulike blåseinstrument. Dette var den første konserten i det nye biblioteket.

— Dette var verkeleg kjekt, og det viser at biblioteket fungerer fint til slike konsertar, meinte ein fornøgd biblioteksjef Jan Erik Kolaas.

— Endeleg

Kulturskulelærar Uldis Plepis la ikkje skjul på at det å framføra musikk for eit publikum, var noko han har sakna.

— Det er veldig kjekt å endeleg kunna halda ein liten konsert igjen. Dette trengde både elevane og me vaksne i kulturskulen, og eg trur også de som publikum er svoltne på levande musikk, smilte Plepis.

Under kan ein sjå og høyra Elina Kalda og Sigrid Pedersen Eilertsen på klarinett framføra Glade jul, saman med lærarane Uldis Plepis og Sindre Sortland: