HEILT FULLT: Forsamlingshuset var heilt fullt under elevkonserten. Foto: Kristine Næss Thorsen

Fekk servert rock'n roll i skuletida

Fredag var 5. til 10. klasse på rockekonsert i samfunnssalen på Vaksdal med bandet 68 Experience. (Høyr smakebitar frå konserten under)

— E dette betre enn gym? spør dei garva rockarane i bandet.

— Jaaaa! ropar elevane.

Samfunnssalen var fylt til randa då trioen 68 Experience heldt konsert fredag føremiddag i samband med Vintertreffet.

Konserten var i regi av Den Kulturelle Skulesekken, og for alle elevar mellom 5. og 10. klasse som går på skule i Vaksdal.

Kjende songar

Det var spelt fengjande låtar frå farne tider, og i løpet av konserten vart det både klapping og allsong. Elevane fekk også spørsmål om låtane, og originalbanda til songane som vart spelte.

Blant songar som vart framført frå trioen Arild Seim på gitar, Ole Amund Gjersvik på bass og vaksdølingen Helge Nyheim på vokal og trommer var Hey Jude av The Beatles og Gamle Dampen av Ivar Medaas.

KJENDE SONGAR: 68 Experience spelte låtar frå 1960-talet. Foto: Kristine Næss Thorsen

— Gøy å høyra

Thorstein Bru Nøkling var mellom elevane i salen, og syntes det var gøy å vera på konsert.

— Eg kjende att nokre av låtane, fortalde Thorstein, som sjølv spelar piano.

Linnea Soltvedt Franzen og Tinde Faugstad synest det var kjekkast å høyra Gamle Dampen.

— Det var veldig gøy å få vera på konsert. Me har sjølv komponert ein eigen song som heiter «Bestevener», fortalde dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

KOSTE SEG: Tinde Faugstad og Linnea Soltvedt Franzen synest det var moro å vera på konsert. Foto: Kristine Næss Thorsen