Frå Vinskvetten til Odd'n

Vinskvetten i Parken og Odd Grenasberg i Forsamlingshuset er to av ytterpunkta under årets Daledagar første helga i juni.

Vinskvetten, med sin kraftige vestlandshumor og fengjande musikk, har underhalde i over 30 år, stiller på utandørsscena i Parken i Holhovden. Arrangør er Dale Musikk i samarbeid med Daledagane.

— Tanken er å blåsa liv att i Parken som arena under Daledagane. Vinskvetten kombinerer humor og musikk på ein fin måte, og appellerer til folk i ulike aldrar. Humoristane er aktuelle med både ny musikk og nytt show, men mange av dei gode, gamle låtane som «alle» kan, vil sjølvsagt publikum også få høyra under konserten som skal haldast laurdag ettermiddag, fortel Faugstad.

I PARKEN: Laurdag ettermiddag skal Vinskvetten underhalda i Parken under årets Daledagar. (Pressefoto)

Odd'n, Tuppien og Bjart'n

Odd Grenasberg er også ein humørfylt kar, men på eit litt anna vis enn karane i Vinskvetten. Men muntre episodar vil nok det også verta frå pensjonisten frå Markvegen når han saman med VP-spaltistane Bjarte Ytre-Arne og Trygve «Tuppien» Aasland innbyr til moro og mimring frå Dale før i tida. Det heile skjer i Forsamlingshuset i samband med ei boklanseringa frå Aasland/Ytre-Arne og Grenasberg i regi av Villanden forlag, det lokale forlaget til Mona Grenasberg, dottera til Odd'n.

ODD'N: Humørfylte Odd Grenasberg vil garantert muntra opp publikum som møter opp i Forsamlingshuset på boklansering. (Arkivfoto)

Siste Daledagar i Dalehallen

Sjølv om Dalehallen sin lagnad ikkje er avgjort, reknar Dag OIav Faugstad i Daledagsnemnda med at dette vert siste gongen med Daledagsshow i den gamle storstova i Ragnar Doggergate.

— Dette som har vore Daledagane sitt musikalske hovudarrangement, og som opp gjennom åra Kordial, Dale Mannskor og andre har veksla på, reknar me med at frå 2021 vert flytta til den nye kultursalen i nyeskulen som skal stå ferdig i haust, seier Faugstad,

I år er det Dale Musikkforening sin tur, og korpset vil nytta avskjeden med Dalehallen til eit historisk tilbakeblikk på korpset sine arrangement i huset. Eit musikalsk tilbakeblikk på åra som er gått er sjølvsagt, men også populære, gamle revyviser planlegg ein å dra fram att på scena i Dalehallen.

KONFERANSIER: Ole-Anders Brekkhus er årets Daledagskonferansier. (Arkivfoto)

35-årsjubileum

Av anna som alt no er avgjort, er at Kordial skal ha arrangementet i Teltet fredagskvelden, og at dei unge får det som truleg vert eit kjekt gjensyn med figurane frå Vennebyen.

— Vennebyen sine figurar var svært populære i fjor, og me er glade for at dei kjem tilbake, seier Faugstad som fortel at i år er det Daledagar for 35. gong.

— Vonleg vert det ei skikkeleg kjekt jubileum, der me også har daledagskonferansieren klar. Ole-Anders Brekkhus frå Stanghelle, tilsett som miljøterapeut i Vaksdal kommune og fersk lokalpolitikar i kommunestyret, vert den som skal losa dei 35. Daledagane trygt i hamn. Det er berre å merka seg første helga i juni, først som sist, smiler Dag Olav Faugstad i Daledagsnemnda.