Vintertreffet: Ordførar Hege Eide Vik og Heine Totland song duett. Foto: Esben Hesjedal

Høyr ordføraren og Heine Totland syngja duett

Det kanskje mest overraskande innslaget under Vintertreffet sin jubileumskonsert, var då Heine Totland og ordførar Hege Eide Vik song duett.

For midtvegs i konserten i samfunnssalen på Vaksdal torsdag, inviterte Totland konferansier Pia Njaastad Mæland i underhaldningslaget til å syngja duett. Men Pia hadde ordna seg med ein stand in, fortalde ho, nemleg Vaksdal sin syngjande ordførar. Dermed var det duka for duett på songen The Prayer.

– Då skal Hege vera Céline Dion og syngja på engelsk, og eg er Andrea Bocelli som for høvet syng på bømlomål. Dialekta mi fungerer til det meste, har eg funne ut. Det er som eit språkets Piffikryder, slo Totland fast før han og Eide Vik kasta seg ut i det.

Høyr duetten her: