(F.v.) Gisle Børge Styve og Heine Totland er klare for å servera musikalsk humor i Turbinen søndag.
(F.v.) Gisle Børge Styve og Heine Totland er klare for å servera musikalsk humor i Turbinen søndag.

Jubileumshelg i Turbinen

Turbinen sitt 5-årsjubileum skal i helga markerast med handballkamp og badmintonturnering laurdag, og show med Gisle Børge Styve og Heine Totland søndagskvelden.

Laurdag føremiddag startar jubileumshelga med ein handballkamp. Då er det lokaloppgjer mellom Dale og Vaksdal i J13-klassen. Så er det badmintonturnering.

Robert Eriksen i Stanghelle IL, badminton, fortel at turneringa er for born og unge.

– Då driftsleiar i Turbinen, Ole Johnny Domben, tok kontakt og ville få til ei markering av jubileet vart me i SIL raskt einige om å arrangera ei turnering for dei yngste. 17 unge spelarar i alderen 7 til 15 år er påmelde, og me skal få til ei kjekk markering med dei unge utøvarane av badmintonsporten. Det vert premiar til alle, og kaker og brus etterpå, og dørene er sjølvsagt opne for publikum som vil komma innom, seier Eriksen.

Musikalsk humorshow

Søndag kveld skal 5-årsjubileet feirast med Heine Totland og Gisle Børge Styve sitt show «Musikk, folkens!». Arrangør er nystarta Dale Musikk, og Stian Jordalen ser fram til å tilby folk eit proft show i Turbinen.

– Framsyninga har gått for fulle hus i Bergen, og vert i desse dagar vist på Latter i Oslo, også der med utselde show. Me håpar folk møter opp i hopetal både for å vera med å feira storstova vår, og fordi dei får servert eit show eg sjølv har sett og kan anbefala på det varmaste, smiler Jordalen.

Intimt

Dag Olav Faugstad i Dale Musikk fortel at bra med billettar allereie er selde, og at han håpar mange fleire tek turen i Turbinen søndag.

– Idrettsaktivitetar har det vore mykje av i dei fem åra me har hatt Turbinen, medan musikk- og kulturframsyningar har kanskje ikkje har fått heilt fotfeste. Det vil me endra på, og me kan lova publikum at Turbinen er rigga på ein ny måte som vil gje ei mykje meir intim konsertoppleving enn tidlegare, seier Faugstad.

Lokale utøvarar

Dei to fortel at det også vert servert musikk av lokale musikk-krefter i Turbinen.

– Før Totland og Styve slepp laus med sitt show, skal søstrene Katharina og Emilie Instøy Sellevold frå Vaksdal varma opp publikum, saman med Per Jørgensen. Denne trioen er verd turen i Turbinen åleine, det er det ingen tvil om, seier Stian Jordalen.

ms@vp.no