SAMSPEL: Thomas Nøkling og saksofonen hans snakka med kokongane i Slåttøyane. (Foto: Nieves Tur)

Landskapskunst og saksofonimprovisasjon i Slåttøyane

Saksofonist Thomas Nøkling gjesta Nieves Tur si kokong-utstilling i Slåttøyane i Stamnes nyleg. Det vart eit fint møte mellom to ikkje-verbale språk. Sjå film under.

I Slåttøyane, innom Øyane, er for tida om lag 20 kokongar er plasserte ut i landskapsrommet, mellom bjørketre, ved elva og på den opne sletta. Når det blæs, svaiar dei lett i vinden.

Sjå film tatt av Liv Eli Seime Stamnes frå Slåttøyane under:

Spelte til «kokongane»

— I samband med utstillinga, invitera eg Thomas til å gjera ein saksofonimprovisasjon. Eg hadde høyrt han spela åleine før, og for meg høyrdest det ut som han og saksofonen hadde ein samtale med rommet han var i. Og det viste seg at det var nett det han hadde. Då eg tok kontakt med han og spurde om han ville spela til kokongar i landskapet, takka han ja med ein gong. Han fekk fritt spelerom. Kunne berre trylla fram dei tonane som fall han inn. Det vart ei fin og spesiell stund, fortel kunstnaren frå Kallestad - som hadde fått i stand utstillinga i samarbeid med «Liv og Lyst»-prosjektet i bygda.

Frå saksofon til fuglar og rennande elv

Om lag 35 vaksne pluss nokre born følgde med Thomas og saksofonen hans rundt i landskapet mellom og ved kokongane.

— Også mange av dei frammøtte opplevde det som saksofonen verkeleg snakka med kokongane. Lyden bar godt, og fjellveggen mot aust sende lydane tilbake, meir som om fjellet sjølv tok til å spela med, enn som eit ekko, fortel Nieves Tur.

Utstillinga har stått sidan tidleg i mai og den kjem til å stå ut veka - då med bakgrunnslyden av fuglar og ei rennande elv.