Øystein Bakke framførte People Of The Space under Vintertreffet. Foto: Esben Hesjedal

Lokal pop-nostalgi

Donakee var eit lokalt populært band på 1980-talet, og særleg hugsar mange Øystein Bakke sin låt People Of The Space. På 90-talet var bandet Animal Farm i skotet, og den mest kjende låten var Can't Let Go. Høyr begge nedst i saka!

Under jubileumsframsyninga til Vintertreffet nyleg fekk publikum eit nostalgiske tilbakeblikk. Først framførte Øystein Bakke frå Donakee gode, gamle People Of The Space saman med husbandet.

— Eit krav å spela People Of The Space

— Låten var skriven på ein togtur mellom Arna og Dale, og den har følgt oss sidan. Over alt der me har spelt opp gjennom åra, så har det vore eit krav at me måtte spela denne, smilte Bakke frå scena i Samfunnssalen på Vaksdal.

Animal Farm

Helge Nyheim gav Vintertreff-publikummet eit gjenhøyr med Animal Farm sin Can't Let Go. Foto: Esben Hesjedal

Helge Nyheim var trommis og vokalist i bandet Animal Farm på 1990-talet. Andre lokale bandmedlemmer var Helen Eriksen på saksofon og Morten Skage på bass.

Under Vintertreffet framførte Nyheim den fremste hitlåten frå CDen til Animal Farm, Can't Let Go. Med på scena frå originalbandet var Morten Skage, som spelte saman med husbandet.

Høyr People Of The Space og Can't Let Go under: