Modalsprisen for 2016 gjekk til Sigrun Dale.
Modalsprisen for 2016 gjekk til Sigrun Dale.

Modalsprisen til Sigrun Dale

- Sigrun Dale er ein ressursperson og står som primus motor bak mange aktivitetar i Modalen, sa ordførar Tom Kristian Thorsen då han delte ut Modalsprisen laurdag.

Slikt arbeid har ho halde på med i heile sitt vaksne liv, og ho har særleg hatt mykje å seia for det kyrkjelege arbeidet i Modalen, sa Thorsen.

Aktiv pensjonist

Dale starta barneforeininga på 80-talet og er framleis ei drivkraft i søndagsskulen, innan diakoni og for mange arrangement på Modalstunet.

Då Dale vart pensjonist tok ho fatt på å restaurera den gamle løa på garden, eit arbeid som kosta både tid og pengar og stor innsats.

Politikar også

- I dag er Sognafloren eit kulturhus i bygda der lag og foreiningar held lokale marknader, møte og kurs. Her er ho også ein pådrivar og sjølv deltakar med heimelaga matprodukt, sa ordføraren mellom anna.

Sigrun Dale har også vore valt inn i formannskapet og kommunestyret, i folkeakademiet, soknerådet, kvinne- og familieforbundet og i iModalen.

Ikkje kvart år

I tillegg til diplom og gode ord, fekk også Sigrun Dale ein gåvesjekk frå kommunen.

Modalsprisen vert ikkje delt ut kvart år, sjølve prosessen vert starta i kommunestyret, og prisen kan tildelast personar som har gjort ein ekstra innsats for å profilera Modalen eller har gjort ein stor innsats for innbyggjarane i kommunen.