Konsert i Nesheim kyrkje.

Nettkonsert frå Nesheim kyrkje

Laurdag kveld er det ein spesiell kyrkjekonsert i Nesheim kyrkje, som også vert sendt på nettet.

Lokale krefter skal bidra, i tillegg har ein fått med seg Tom Jarle Istad Kristiansen frå Vossagospel.

Frøydis Gullbrå og ektemann Svein Tollefsen lanserte denne konsertideen. Dei fekk med seg soknerådet og Nese Media som har ansvaret for nettsendinga.

— Strenge koronarestriksjonar gjer at me berre kan få plass til 30 i kyrkja på Nesheim. Billettane her er no selde, og då er det fint at me kan nå ut til andre via nettet, seier Frøydis Gullbrå.

Frøydis og Svein er engasjerte i barneskulen Kely Mandresy på Madagaskar, og inntekta frå konserten skal gå til skulen. Dette gjeld både billettinntektene og det som vert vippsa inn under nettsendinga.

Sendinga frå kyrkja på Nesheim, som Nese Media står bak, startar laurdag klokka 19.30, men ein kan også sjå sendinga seinare i opptak. Konserten kan ein sjå og høyra her: