O helga natt

Høyr O helga natt med Marianne Juvik Sæbø og Dale Mannskor. (Klikk på biletet)

21. desember hadde mannskoret og sopranen frå Askøy tradisjonen tru julekonsert i Dale kyrkje.

Julesongen som verkeleg kallar fram den rette stemninga, er for mange O helga natt. Med Dale Mannskor sine malmfulle røyster, kombinert med Marianne Juvik Sæbø sin lyse sopran, får ein noko heilt spesielt og vakkert.

Med denne songperla ønskjer me alle ei god jul.