Roar Brekke kjem til Dale og Turbinen fredag. Foto: Pressefoto

Standup i Turbinen

I morgon, fredag, kjem Roar Brekke til Dale for å halda standup-show.

Det er Dale Musikk som står bak arrangementet der standup og dans står på plakaten i Turbinen.

20 år med stand up

Roar Brekke er ein av landets mest rutinerte innan standup-sjangeren. I over 20 år har han reist land og strand rundt og fått folk til å le.

– Me har fått svært gode tilbakemeldingar på det Roar Brekke skal servera i Turbinen, så me er trygge på at publikum skal få trimma lattermusklane skikkeleg. Det er elles kjekt å gjera noko litt nytt, standup har det vel knapt vore før på Dale. Iallfall ikkje i offisielle former frå ei scene, smiler Dag Olav Faugstad i Dale Musikk.

Fellesarrangement

Dale Musikk hadde i mars eit vellukka arrangement der Heine Totland og Gisle Børge Styve serverte showet «Musikk, folkens», som no går for fulle hus i Bergen.

– Denne gongen har me sydd saman eit fellesarrangement, med både humor og god dansemusikk. I tillegg skal det vera julebord for lokale bedrifter i Elvahuset først, og Dale Idrettslag skal ha jubileumsfeiring i samband med 110-årsjubileet sitt. Utpå kvelden samlast alle i Turbinen til standup og dans med bandet Splint, og her er sjølvsagt dørene opne for vanlege publikummarar også, fortel Faugstad.

ms@vp.no