Å fange ei kjøtmeis

Kva gjorde de på i gamle dagar — utan mobiltelefon, spør barnebarna meg.

Vi fanga kjøtmeis, kan eg svare då. I alle fall var eg med på det ein gong. Ikkje fordi vi hadde noko behov for å fange ein fugl, vi fekk endeleg nok mat heime. Men noko måtte vi jo finne på. Som vanleg var det utan særleg planlegging — og utan tanke på konsekvensar.

Jan Per Styve skriv skråblikk i VaksdalPosten. Foto: VP

Slik også då vi fanga ei kjøtmeis. Det hadde seg slik at vi støtt såg mange slike fuglar i eit bjørketre der det var hengt ut fuglemat. Treet sto så lagleg til rett utanfor kjøkkenvindauge der kamerat Dagfinn budde. Ein dag han var aleine heime, kom vi på at vi skulle fange ei av dei mange kjøtmeisene.

Vindauget vart sett på gløtt, vi la ein brødbit i vinduskarmen — og strekte ein hyssing frå vindauge og ut i gangen. Vi måtte ikkje vente lenge før kjøtmeisa let seg freiste og landa i vinduskarmen. Då var det berre å dra i snora, så var fuglen fanga inne på kjøkkenet.

Dermed hadde vi fått til det vi ville — vi hadde fanga ei kjøtmeis. Men kva vi så skulle gjere med fuglen, hadde vi ikkje tenkt på. Ho flaksa mellom veggane og taket, og angra sikkert på at ho hadde late svolten styre over fornufta.

Til slutt fór ho ned bak komfyren. Og der vart ho verande. Alle forsøk på å få ho fram var mislykka. Dermed avslutta vi prosjektet, lukka kjøkkendøra — og gjekk ut for å finne på noko anna spennande. Kort tid etter hadde vi gløymt heile kjøtmeisa.

Grytidleg neste morgon skulle Dagfinn sin far på først skiftet i fabrikken. Han kom søvnig ut på kjøkkenet for å koke seg kaffi, og undrast nok litt då ei kjøtmeis kom flaksande opp bak komfyren. Ho var tidleg vaken ho også.

Heldigvis hadde han opna vindauge for å sleppe inn litt frisk vinterluft. Med det kunne fuglen lett ta seg ut att i det fri. Ho kom nok aldri tilbake til dette bjørketreet. Kva faren seinare fortalde til Dagfinn om denne morgonopplevinga, veit eg ikkje. Men eg kan i alle fall fortelje om det til barnebarna. Og så kan dei sjekke på mobiltelefonen korleis ei kjøtmeis ser ut. Så lærer dei det.

janperstyve@gmail.com