Dersom ein ikkje allereie har førehandsrøysta, er det all grunn til å nytta røysteretten på valdagen måndag. (Arkivfoto)

Bruk røysteretten!

LEIAR: Det er få dagar igjen til røystene våre skal teljast opp, og lagnaden til dei som har stilt til val nært og fjernt vert avgjort.

Når det skjer, håpar me alle som les dette har godt samvit. Godt samvit på den måten at ein har tatt del i demokratiet me er så heldige å ha. Om så ein har møtt fram og lagt ei kvit protestrøyst i urna, så er alt betre enn å sitja heime og klaga på at alt er gale og bli ein del av det altfor store sofapartiet.

Mange treng knapt nok tenkja seg om når dei skal avgjera kva parti dei skal røysta på. Anten det er ideologisk overbevising, vane, ein politikar sin sjarm eller at ein for lengst har gjort seg opp ei meining om kva parti som fører den politikken som gangar ein sjølv best.

Så har ein alle dei som tvilar og trur, ombestemmer seg og går i ring. Kva del av valkampen og politikken skal ein vektleggja? Kven trur ein på? Er det politikarane seier før valet det same som dei gjer etter valet?

Uansett - så er alt betre enn å sitja heime valdagen, om du ikkje har gjort som så mange andre å allereie førehandsrøysta. For det å ta del i valet, vera med å velja dei som skal styra landet vårt, har ein eigen verdi. Dette er ein verdi som folk i delar av verda berre kan sjå på som eit fjern ideal, langt borte frå deira kvardag.

Så skal ein finna eit argumenta for å gå å røysta, så kan det vera at det skuldar ein dei som ikkje har moglegheita til stemma ved frie val.

Dessutan veit ein jo at dei fleste konkurransar, lotteri eller avstemmingar vert meir spennande dersom ein deltek sjølv.

God val!