Det er no slaget om K5 står!

K5: Ordførar Lars Fjeldstad i Osterøy og ordførar Hege Eide Vik skriv at slaget om K5 står no det neste halve året. Biletet er teke i ein annan samanheng.

LESARINNLEGG: Ordførarane i Vaksdal og Osterøy, varaordføraren på Voss, samt stortingsrepresentant Nils T. Bjørke, alle frå Senterpartiet, meiner regjeringspartia driv med dobbelkommunikasjon om K5.

Statens vegvesen fekk endeleg brev med styringsmål der budsjettråma på Arna-Stanghelle vert sett til 25 mrd. kroner. Det som står lenger nede i brevet er at dei no utgreier å berre bygga E16 Trengereid-Helle, og utsetja jernbanedelen. Dette er ein dobbeltkommunikasjon som uroar alle som jobbar for K5-prosjektet og vil auka kostnaden med 4—5 mrd. for heile K5-prosjektet. Jernbanen, som den mest miljøvenlege delen av prosjektet, skal nedprioriterast her vest.

Den dobbeltkommunikasjonen Venstre, KrF, Frp og Høgre sentralt har ført, heilt sidan oppdragsbrevet kom om å byggje K5 Arna-Stanghelle etter statleg plan 8. desember i 2015, sår tvil om at prosjektet får byggestart i 2022—24. Same dag som oppdragsbrevet kom omtala dåverande samferdsleminister frå Frp, Solvik-Olsen, K5 som Rolls-Royce: «ikke fordi det er så fint, men fordi det er så dyrt».

Dobbeltkommuniserer gjer også statsminister Erna Solberg. Ho let til å skulle «hilse hem» på Arna stasjon i februar 2017, men utsette då K5 til andre NTP-periode utan økonomiske lovnader. Då byggjestart for K5 var oppe til votering i Stortinget i juni 2017 røysta Frp, Venstre, Høgre og KrF nei til byggestart i 2021. I Bergensavisen valdagen 11. september 2017 svara Erna Solberg fylgjande på spørsmål om kva som var det viktigaste å få ferdigbygga fyrst av K5 og Hordfast: «kan vi fremskynde Arna-Voss vil vi gjøre det».

SP: Frå venstre tidlegare varaordførar i Vaksdal Sigmund Simmenes, varaordførar i Voss Sigbjørn Hauge, stortingsrepresentant Kjersti Toppe, stoprtingsrepresentant Nils T. Bjørke og partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Biletet er tatt under valkampen i 2017.

Bergensbanen er den langdistansetraseen med mest passasjer- og godstrafikk. Høgfartsutgreiinga konkludera med at Bergensbanen var den jernbanestrekninga som ville vera mest samfunnsøkonomisk lønsam å byggja ut. Vossebana er den eldste delen av Bergensbanen frå 1883 bygd for tog i 45 km/t som den framleis har mellom Takvam og Trengereid. Skal jernbanedelen stå igjen under Bogelia der veg og bane går parallelt? Eit område som Statens vegvesen rekna til å vera det mest rasfarlege området på riksveg i landet? Me hugsar framleis at 15 ambulansar rykka ut i mai 2015 til «tog tatt av ras».

Alle som er for ny E16 Arna-Voss protesterer mot dette. For når har regjeringa planar om å bygge E16 Stanghelle-Voss når dei må bruke dobbelt så lang tid på å byggje veg og jernbane Arna-Stanghelle? Her har me alle ein jobb å gjera ikkje minst lokallaga til Venstre, KrF, Frp og Høgre overfor dei som skal vedta komande Nasjonal transportplan. Sjansen for å få gjennomført K5 innan rimeleg tid har me det neste halve året.

Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal

Lars Fjeldstad, ordførar i Osterøy

Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss

Nils T Bjørke, stortingsrepresentant SP