SV: Leiar i Vaksdal SV, Kjartan Haugsnes, skriv om folketalsvekst. (Arkivfoto)

Det handlar om folketalsvekst

LESARINNLEGG: I høve SSB var vi 3.930 innbyggjarar i Vaksdal kommune 3. kvartal 2020. Sidan 2005 har folketalsutviklinga vore negativ. Vi har ein aldrande befolkning og færre born vert fødde i vår kommune no, enn tidlegare.

Dette er ikkje spesielt for Vaksdal kommune. Generelt veks byane i Noreg, og distrikta får gradvis færre og eldre innbyggjarar. For Vaksdal er framskrivinga av folketalet ned 5 % frå no til 2050.

Om lag halvparten av dei som er i arbeid, pendlar ut av kommunen kvar dag. Dette er ikkje naudsynt negativt, men seier noko om at kommunen ikkje har flust med lokale arbeidsplassar.

Desse tala er kjende og var heilt sentrale då kommunestyret gjorde vedtak om kommuneplanen sin arealdel hausten 2019. Her er følgjande mål for planperioden sett opp i prioritet:

Vi trur ikkje det er stor usemje mellom partia i kommunestyret om desse målsetjingane, men som i alt planarbeid er mål enkelt — verkemiddel for å måla ein heilt annan diskusjon.

Denne vekas stridsemne er Dalegarden, og kva kommunen vil tillate av næring på dette området. Skal området vere regulert til industri som i dag, eller skal ein opne for fri etablering? Vil etableringar på Dalegarden øydeleggje for sentrum av Dale? Vil nokon etablere seg i det heile? Vert det fleire arbeidsplassar? Om det vert fleire arbeidsplassar, vert det meir attraktivt å bu på Dale? Kan auka handel og servicetilbod stogge handelslekkasje til Arna?

Ingen har i dag fasiten på framtida. Det vi veit er at noko utbygging av handels- og servicetilbod på Dalegarden vil auka sansynligheita for at fleire av dei 5. til 10.000 bilane som dagleg køyrer forbi på E16 vil bli del av vår marknad. Vi veit òg at former for «kjøpesenter» i utkantar kan vere særs utfordrande for «gamle» sentrum.

Når saka om sal av den kommunale tomta til Dale Outlet og cafe var til handsaming i formannskapet i 2016, kunne ein lese dette i saksframlegget til kommunen:

«Rådmannen ser det som særs positivt at det er private initiativ for etablering av næringsverksemd som vil skapa arbeidsplassar i kommunen. Dette er ei form for arbeidsplassar som bør eller nærast må vere lokalisert nær ein veg, då det er tale om butikkutsal, av ulike norske anerkjende produkt. Slik at denne plassering ved Ev16 som er omsøkt er god.»

Kommunestyret slutta seg til samrøystes.

Det store spørsmålet for Vaksdal kommune er om K5 kjem eller ikkje. Eller om K5 kjem i ein eller annan skrivebordsvariant frå Oslo. Men medan vi ventar på utfallet av dette er det mogleg for oss å ta nokre initiativ sjølv. Alternativet er ikkje å stikke hovudet i sanden, seia nei til alt og tenkje at ingenting skal forandrast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kjem mange og vanskelege diskusjonar og dilemma i åra framover. Desse diskusjonane er i gang hjå SV, SP og Høgre. SV ser utfordringane, men er viljuge til å freista noko nytt. Men kva tenkjer Ap? Meiner Ap framleis at målsetjingane i kommuneplanen dei vedtok i 2019 er riktige? Og kva er Ap sine forslag på å nå dei?

Kjartan Haugsnes

Leiar i Vaksdal SV