Det viktigaste samferdsleprosjektet i landet

TOG: Då Bergensbanen vart opna i 1909 omtala kong Haakon 7. bana som «vår generasjons storverk, skriv politikarane i Vaksdal. Foto: Kjell Stokke

LESARINNLEGG: Då Bergensbanen vart opna i 1909 omtala kong Haakon 7. bana som «vår generasjons storverk.» No 111 år seinare synest det som den framleis nyrike nasjonen Noreg ikkje er i stand til å ta vare på storverket eller ta storverket med inn i ei ny tid.

I andre land er samferdselskorridoren mellom dei to største byane òg den høgast prioriterte. I Noreg er det motsett, strekket Oslo — Bergen er det mest forsaka. Sidan oppstart i 2015 har vi trudd at K5 — ny veg og bane Arna — Stanghelle var prosjektet som skulle starte ei ny tid for veg og togfarande mellom aust og vest.

14.10.2020 kjem det hittil siste utspelet frå Jernbanedirektoratet. No ser ein seg ikkje råd til å bygge jernbane Arna — Stanghelle likevel. Utspelet kjem samstundes som dei peikar på manglande samfunnssikkerheit i dagens situasjon. Utspelet er skreddarsydd for dei kreftene som arbeider for å redusere K5 til eit rassikringsprosjekt for E16 på delar av strekket Arna — Voss.

Vi kan for vår del ikkje sjå at dette tyder anna enn at dei nesten ferdige planane for ny E16 og intercitystrekket Arna — Stanghelle vert lagt bort, og at heile planprosessen må starte på nytt, men denne gangen utan Haakon 7. sitt storverk.

Lokalt i Vaksdal var me glade då me fekk europaveg til Bergen i 1991, men E16 synte seg snart å vere for smal, for rasutsett, for trafikkert og for ulukkesbelasta. Dette, kombinert med ein bane som rusler attmed i 40 km/t var sjølvsagt essensen i ideen om eit samanhengande/samstundes prosjekt for veg og bane.

Den vidare prosessen er no politisk. For over 100 år sidan var det ingen byråkratar som stod i vegen for utbygginga, dette var politisk beslutta. Også i dagens situasjon treng ein modige politikarar. Lokalpolitikarane i Vaksdal kommune set vår lit til at me har brei støtte i vårt syn på fellesprosjektet. Realisering av K5 — ny veg og bane Arna — Stanghelle med snarleg oppstart etter at ny NTP er vedteken.

Hege Eide Vik, ordførar (Sp)

Kjartan Haugsnes, varaordførar (SV)

Erlend Hesjedal-Johannessen, gruppeleiar (H)

Thor Andersen, gruppeleiar (Ap)

Artikkelen held fram under annonsen.

Boris Groth, gruppeleiar (Frp)

Arne Normann, gruppeleiar (KrF)