Eg ser at epla er raude, men kva slag er det? Og eg forstår at det er ei plomme, men kva heiter ho?

Jan Per Styve skriv Skråblikk for VaksdalPosten.

SKRÅBLIKK: Eg ser at epla er raude, men kva slag er det? Og eg forstår at det er ei plomme, men kva heiter ho?

Butikkane bugnar av norsk frukt no. Frukthausten har vore uvanleg god, og vi kan fylle på med vitaminer og godsmak før vinteren. Men vi skal visst ikkje få vite kva slag eple og plommer vi kjøper.

Raude, norske eple, står det. Ja vel. Eg ser at dei er raude. Men er det Prins, Gravenstein, Discovery, Aroma eller Summerred? Eg vil gjerne vite kva eg kjøper — ikkje berre at dei er raude og frå Noreg.

Ein sjeldan gong står det ein lapp på hyllekanten med namnet på epla. Men ofte har butikken rota det til og sett på feil namn, slik eg såg på Dale nyleg. Då er vi like langt.

Plommene er også oftast heilt anonyme. Norske plommer, står det på pakka. Men er det Opal, Mallard, Reevs, Edda eller Viktoria? Det hadde no vore kjekt å vite kva dei heiter, slik at vi veit kva vi skal sjå etter neste gong — om vi likte dei vi kjøpte.

For ei stund sidan fann eg poteter frå Vestfold i butikken. Det sto det på posen — poteter frå Vestfold. Men på baksida fann eg ein liten påklistra lapp med namnet på bonden i Lærdal som hadde dyrka potetene. Eg trur ikkje han hadde ein filialåker i Vestfold.

Mors hjemmelaget flatbrød kjøper vi også. Men det står ikkje namn på den mora som har laga dei. Hjemmelaget syltetøy finn vi også, men kva heim den er laga i får vi ikkje vite. Det hadde no vore kjekt å visst.

Tenk om andre produkt var like dårleg merka som frukta? Då sto det berre kjøt på pakkene, uansett om det er svinekotelettar eller lammekjøt. Og ost frå Noreg — uansett om det er Brie, Jarlsberg, eller Roquefort. Hadde vi funne oss i det?

Vi har eit eige plommetre i hagen. I fjor fekk vi ei plomme, i år to. Men eg har gløymt namnet på plommetreet. Så når det ein gong blir mange nok til å servere andre, lyt eg berre seie at det er plomme frå Sandviken i Bergen. Det får våge seg.

janperstyve@gmail.com